– Fagkunnskap og lokalt eigarskap gir store fortrinn, seier butikksjef Lars Petter Grønvigh i 25 år gamle, og heilt nye, Sport Norge Os. (Foto: KVB)

Norges første Sport Norge-butikk

– Eg er takksam og stolt av måten eigarane går mot straumen på, med ny, Os-basert kjede, seier butikksjef Grønvigh.

image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I vår kjøpte dei MX Sport-kjeda ut av eigarskapen til dei seks butikkane sine, Os, Laguneparken, Åsane, Sletten Senter, Askøy og Sotra, i juni fortalde dei om vidare ambisjonar med ny kjede, Sport Norge.

I dag opnar dei tre første butikkane ferdigdekorert som Sport Norge, i neste veke opnar dei tre neste.

Ein av dei er Sport Norge Os, den eldste, der det heile starta for brørne Jan Frode og Tor André Skeie for 25 år sidan. Først var det Os Sport, så starta dei Laguneparken og var med på å gje T Fjelland-kjeda nytt namn (MX Sport), og så dreiv dei ei handfull butikkar i bergensområdet som ei kjede i kjeden fram til dei kjøpte Fjelland sine 50 % av holdingsselskapet.

– Desse seks første Sport Norge-butikkane er dei vi eig frå før. Målet er å koma opp i 20-30 butikkar innan utgangen av 2018. I oktober i år opnar vi to i Bodø, før jul kjem det minst éin til i Hordaland, fortel medeigar og marknadssjef Jan Frode Skeie.

Os' største selskap

Odd Arne Larsen frå Fana og dei to Skeie-brørne har aksjemajoriteten i det nye holdingsselskapet, Invent Sport AS. Dette selskapet eig òg den kraftig veksande lågpriskjeda Sport Outlet, som no tel 39 butikkar.

Etter flytting av hovudkontor og lager i fjor sommar, som første leigetakar i det store lageret Lidl bygde i Ådnadalen, fekk kjedane hovudkontor i Os.

Kvar for seg er kjedane det største og femte største selskapet i Os kommune, samla hadde dei ein omsetnad på over ein halv milliard kroner i 2016.

Begge kjedane veks vidare i 2017 og 2018.

Kva blir forskjellen på MX Sport og Sport Norge?

8-10 tilsette jobba utover kvelden tysdag for å få Sport Norge Os omdekorert og klar til nyopning i dag. Dei siste gjekk heim i 1.30-tida i natt.

– Det blei ein del jobb, både med omdekorering og med å fylla hyllene med ei rekke nye haustvarer, fortel butikksjef Lars Petter Grønvigh.

Dei siste månadane har det kome ein del spørsmål om kva som blir nytt når eigarane no fekk full kontroll på eigne butikkar, men med oppkjøpet av aksjane også gjekk ut av MX for å starta ny kjede.

– Det meste blir som før. Dei lokale eigarane hadde det ganske fritt også i førre kjede, og har veldig godt forhold til leverandørane sine. Vi har dei same merka og minst like gode vilkår, samtidig kan det bli endå større utval av kolleksjonar frå dei største leverandørane våre. Der går vi litt i djupna i sortimentet.

Gamle gåvekort og tilgodelappar frå MX-tida kan framleis brukast. Sport Norge Os har dei same klubbavtalane, blant anna med Os TF Fotball, friidrett og handball, Søre Neset, Nore Neset og Tysnes il.

– Også Os Turlag og individuell idrett som Os Karateklubb og toppidrettsutøvarane i Os Roklubb, der enkelte har sikta seg inn på neste sommar-OL, er blant dei lokale laga vi gler oss over å samarbeida med.

– Stolt og inspirert

Grønvigh har jobba i MX Sport i 15 år. Først i Bergen, frå 2010 som butikksjef på Os.

– Det er mange som har jobba her lengre enn meg, seier Lars Petter, bak disken saman med éi av dei, Lillian Kvernes, som har jobba i butikken frå den i 24 av desse 25 åra.

– Vi er ein fin kombinasjon av unge og vaksne, og alle går gjennom den same teoretiske og praktiske opplæringa for at både deltidstilsette og vi som jobbar fulltid skal kjenna varene vi sel. Både den lokale eigarskapen og fokuset på fagkunnskap er med på å skapa engasjement og trivsel.

– I dag er det mykje oppkjøp i sportsbransjen og mange butikkar blir fjernstyrte av eigarar frå andre landsdelar, eller frå utlandet. Det har sin fordelar å kjenna Vestlandet og å kjenna Os, både når du skal plukka ut varer og når du skal hjelpa kunden å velja, anten det er sko eller fiskeutstyr.

– Sjølv om eg berre har positive assosiasjonar med MX-namnet er eg litt stolt i dag.

– Eg er stolt over eigarane frå Os som etter 25 år held fram med å gå mot straumen for noko dei trur på, og startar ny kjede med utspring i heimbygda. Dette har mykje å seia for oss som jobbar her, tryggleiken til alle arbeidsplassane og tilliten eigarane viser oss butikksjefar, seier Grønvigh.

Lokalt eigarskap utan grossistar

Skeie fortel at også dei komande Sport Norge-butikkane skal ha lokalt medeigarskap.

– Kjeda skal ha aksjemajoriteten, men dette er ein fagsportkjede der det er essensielt å finna dyktige og engasjerte butikksjefar, folk med kunnskap om både varene og lokalmiljøet sitt.

Kjedekontoret skal ikkje, som fleire andre, sitja som grossist og tena pengar, men prøva å driva lønsamt ved å skapa gode fagsportbutikkar over heile landet.

– Det er butikkane som skal tena pengar. Vi kuttar grossistleddet og driv kjedekontoret og marknadsføringa med vår vesle administrasjon i Ådnadalen. Dette gir butikksjefane, våre komande medeigarar, gode vilkår, seier Jan Frode.