Kultur | 03. sep. 2015

Norsk storfilm til Os

Saman med animasjonsfilmen «Innsiden ut» blir den nye norske storfilmen «Bølgen» blir å sjå i Oseana sundag.

Norsk storfilm til Os
Innsiden ut. (Foto/Copyright: ©2014 Disney?Pixar. All Rights Reserved). Bølgen (Foto/Copyright: Fantefilm Fiksjon).
Kari M. Lyssandtorsdag 03. sep. 2015 12:54

I helga var det premiere på storsatsinga «Bølgen» og over 135.000 publikummarar strøymde til dei norske kinosalane for å få den med seg. Det gjer «Bølgen» til den 3. best besøkte norske filmen på ei permiere, kun slått av Kon Tiki og Solan og Ludvig - Jul i Flåklypa.

Sundag tar Bygdekinoen med seg den norske katastrofefilmen til Oseana, saman med animasjonsfilmen «Innsiden ut» for dei litt yngre kinogangarane.

Innsiden ut

Har du nokon gong lurt på kva som foregår inne i hovuda på folk? Den nye familiefilmen frå Disney Pixar vågar seg inn i hjernen for å finne det ut!

I hovudkvarteret, kontrollsenteret i hjerna på 11 år gamle Riley, jobbar dei fem Følelsene veldig hardt. Den muntre optimisten Glede har som oppgåve å syte for at Riley er lukkeleg. Frykt tek seg av sikkerheita, Sinne syter for at alt går rettvist føre seg, medan Avsky hindrar at Riley blir forgifta, både fysisk og sosialt. Sorg er ikkje heilt sikker på kva rolle ho har, og ærleg tala er det ingen av dei andre Følelsene som er det heller.

Då Riley sin familie flyttar til ein skremmande ny by, er dei fem Følelsene straks på saken og ivrige etter å hjelpe henne gjennom den vanskelege overgangen. Men når Glede og Sorg utilsikta blir dregen djupt inn i Riley sitt sinn, og samstundes tek med seg nokre av kjerneminna hennar, så må Frykt, Sinne og Avsky motvillig ta kontrollen. Glede og Sorg må våge seg gjennom ukjende stadar som Langtidsminne, Fantasiland, Abstrakte Tankar og Drømmeproduksjoner AS, i eit desperat forsøk på å kome seg tilbake til Hovudkvarteret, og til Riley.

Filmen varer i 1t 41min, startar klokka 16:00 og har 6 års aldersgrense.

Bølgen

Alarmen går ved skredsenteret i Geirangerfjorden. Raset geologane har frykta er eit faktum og ei gigantisk bølge er på veg mot Geirangerfjorden! Den erfarne geologen Kristian Eikjord (Kristoffer Joner) befinn seg plutseleg midt i sitt livs verste mareritt. Han er splitta frå familien sin og det er 10 minutt til det fossande infernoet treff land. Det blir ein livsviktig kamp mot klokka før dei kraftigaste naturkreftene Noreg har sett treff land.

Bølgen er ein storproduksjon av Hollywood- dimensjonar, og blir den fyrste katastrofefilmen som er laga i Skandinavia. FIlmen er basert på det faktum at fjellpartiet Åkreneset midt i Geirangerfjorden ein dag vil rase ut og skape ei kraftig flodbølgje på over 80 meter, som kjem til å knuse alt på sin veg før den treff land i Geiranger. På folkemunne kallast fjellet for "Dødsfjellet". Fjellpartiet har nemleg ei over 700 meter lang og stadig veksande sprekkdanning som utvidar seg med 10 til 15 centimeter i året. Forskarane er einige om at raset ein dag vil kome - dei veit berre ikkje når...

Filmen er regissert av Roar Uthaug, som og skapte grøssarsensasjonen Fritt Vilt.

Filmen har aldersgrense 15 år og startar klokka 19.00 .

Born over 12 år kan sjå filmen i følgje med ein vaksen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.