midtsiden

Norway Cup er i gang!

Etter tre dagar med glimrande førebuing er laga frå Os i gang i Norway Cup.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Søndag, juli 31, 2011 - 23:39

Os Turn stiller med juniorar og tre gutelag i årets Norway Cup, Lyeskloster IL stiller med junorar i både jente- og guteklassen.

– Vi har hatt tre fantastiske dagar i Nesbyen, fortel Tim Henrik Sperrevik.

Den tidlegare toppskåraren til Os trener gutelaga til Os saman med Bjørn Mjelva, Gunnar Aadnevik, Gunnar Takle Pedersen og «verdas beste» oppmann, Oddvar Kopperud.

Tre frå A-laget

Troppen på 42 er delt inn i eitt topplag, Os 1, og to jamne lag, Os 2 og 3. Med i troppen er tre gutespelarar frå A-laget; Fredrik Heggland, Frode Øvredal og Egil Thuen.

– I Nesbyen boltra vi oss på to grasbanar og éin kunstgrasbane. I tillegg disponerte vi ein hall der gutane søv i ein tredel av hallen og brukte dei to andre tredelane til ulike aktivitetar.

Heggland i storform

Gutane frå Os fekk seg også ein treningskamp i Nesbyen, HFK (Hallingdal) stilte med eit ganske godt lag, og etter ein treg start låg Os under 1-2.

– Men dette snudde vi til ein solid 4-2-siger, så gutane fekk ein fin porsjon sølvtillit før avreise til Oslo.

A-lagsspelar Fredrik Heggland skåra tre av måla.

– Fredrik er outstanding, han går utanpå alle, det såg vi også i første kamp i cupen.

Siger, tap og uavgjort i starten

Søndag spelte laga frå Os sine første kampar i årets Norway Cup.

Juniorlaget overpresterte då dei slo Karanba 1-0 i 1/16-finalen i fjor, i år blei det 0-4-tap for same motstandar i puljespelet.

Gutalaga vann, tapte og spelte uavgjort, Os 1 spelte 0-0 mot Kolbotn, Os 2 vann 3-2 over Ready og Os 3 tapte 1-2 for Vålerenga 2.

Juniorgutane frå Lysekloster tapte første kamp 0-2 for Kolbotn, juniorjentene tok ein flott 4-2 siger over sterke Ski, som ligg på 3. plass i i 1. divisjon.

14-årsjentene til Kalandseid/Søfteland (KIL/STIL) tapte 1-6 for Ranheim i opningskampen.

Midtsiden.no følgjer Norway Cup vidare utover veka.

Bli varsla om siste nytt:
Følg Midtsiden på Facebook

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11