Walfred Nøss fekk Vebjørn Sand til å mimra om 80-talet

Nøss fann 35 år gamal Sand-teikning på loftet

Walfred visste ikkje at 17-åringen som teikna han i 1983 var Vebjørn Sand.

image
image
image
Av: Ørjan Håland

I samband med Vebjørn Sand si populære utstilling i Oseana hadde osing Walfred Nøss i dag eit spesielt ærend i kulturhuset.

– Det var tilfeldig at eg ganske nyleg oppdaga kven som faktisk hadde teikna meg, seier Walfred om karikaturteikninga av seg sjølv.

Då han rydda på loftet for eit par år sidan såg han nærmare på bildet frå 1983. Då såg han at teikninga var signert Vebjørn Sand.

– Eg jobba i Oslo på den tida, og pendla mykje heim. Men den veka skulle Robert (sonen) debutera i Norway Cup, så då kom dei og besøkte meg i staden. I utgangspunktet var det ungane som skulle teiknast, men det samla seg så mykje folk der at dei trekte seg. Sidan eg likevel hadde betalt fann eg ut at han like gjerne kunne teikna meg.

I dag fekk Walfred vist teikninga til Vebjørn, som var 17 år då han teikna Walfred. I videoen over fortel kunstnaren om åra som gatekunstnar.