Næringsliv | 19. juli 2017

Notabene blir ARK

Frå torsdag finn du ikkje lenger Notabene på AMFI Os. Bokhandlarkjeda ARK har nemleg kjøpt butikken på Os, som ein av 24 i landet.

Notabene blir ARK
Torsdag blir Notabene til ARK (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 19. juli 2017 11:40

Tysdag ettermiddag blei det kjend at ARK tek over bokhandelen på AMFI Os.

– For oss i kjeda har det vore kjend at det har vore jobba med ei stund, men det var først rundt pinsetider vi fekk veta at butikken på Os var ein av butikkane ARK kjøper, fortel butikksjef Anne-Christin Aasen.

Får ein sterk eigar

Skiftet frå Notabene til ARK skjer torsdag morgon. Aasen er glad for at det er Noregs største bokhandlarkjede som no tek over.

– Vi er veldig glade for at det er ein sterk eigar som kjem inn. For oss i butikken gjer det at vi kan føle oss enno tryggare på jobbane våre.

– Alle er veldig positive til å koma inn i den nye kjeda, som vi har hørt veldig mykje positivt om, seier Aasen.

Det vil nok framleis ei stund vera noko Notabene preg over butikken, men det skal vera av dei prioriterte til å bli omprofilert.

Veldig glad

Senterleiar for AMFI Os Silje Lygre delar gleda med dei tilsette i butikken.

– Det er veldig gledeleg. For AMFI Os er det veldig kjekt å få ei så solid bokhandlarkjede i senteret. ARK kan visa til ei veldig god utvikling dei siste åra.

– For senteret er det òg viktig å ha ein god miks av butikkar. Ein bokhandel er ein naturleg del av den miksen, avsluttar Lygre.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.