Kultur | 21. sep. 2016

NRK filma Knut si oppkøyring

– Det er ikkje lov å ha andre i bilen under førarprøven, det dei gjorde var ganske unikt, seier køyrelærar Arne Bjoarvik om Norge Rundt-opptaket.

NRK filma Knut si oppkøyring
Knut Spangelo Haga hadde kamera på seg i heile går. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 21. sep. 2016 19:51

Bildeserie:

Knut i meir komfortable omgjevnadar, som back for Os. (Foto: KVB)
Knut i meir komfortable omgjevnadar, som back for Os. (Foto: KVB)
1 av 1
Knut i meir komfortable omgjevnadar, som back for Os. (Foto: KVB)

Onsdag for ei veke sidan fylte osingen Knut Spangelo Haga 18 år. Dagen etter skulle han eigentleg ha oppkøyring på Stord, men fotballspelaren, som utanom skule speler på Os sitt A-lag, hadde takka ja til ein uventa invitasjon.

– Eg hadde ikkje noko imot at dei var med, og det var faktisk gøy å sjå korleis eit TV-team jobbar, seier Knut, som fekk spørsmål om å utsetja førarprøven fem dagar så NRK kunne filma.

I går var den store dagen, og NRK blei med i bilen frå Os med ferja til Stord for å dokumentera den praktiske førarprøven.

På Norge Rundt fredag

– Vi hadde med oss to elevar, Knut og ein gut frå Sandsli som heiter Michael, dei var begge sporty og stilte opp, seier Arne Bjoarvik frå Bjoarvik Trafikkskole.

Fråvær i skulen og dei nye krava skal ikkje ha vore tema.

– Eg er usikker på om det var noko spesielt tema, men dei spurde mange spørsmål. Nokre gongar ville dei filma same spørsmål éin gong til, for å filma frå ein annan vinkel, men då blei eg heilt sett ut. «Kva var det eg sa i stad, då?» spurde eg, nøgd med første forsøk, fortel Arne og ler.

Ifølgje Bjoarvik skal opptaket sendast på Norge Rundt allereie førstkomande fredag.

– Spesielt opptak

Arne fortel at fleire i førarskulemiljøet skal ha reagert på at NRK har filma ein førarprøve.

– Det er ganske strenge reglar for kven som kan vera med i bilen. I tillegg til sensor er det berre ein ekstra-sensor, eventuelt ein tilsynsførar, som kan vera passasjer.

– Men TV-kanalen hadde ikkje fotograf om bord. Dei rigga tre kamera i bilen, så det er nok innanfor. Eg reknar uansett med at store organisasjonar som NRK og Statens vegvesen nok hadde ein avtale på førehand.

– Det hjelpte meg å slappa av

Oppkøyring er ein stor og spennande dag, og Knut synest ikkje det var stressande at det heile skal koma på TV.

– Det var heller motsett, eg fekk noko anna å tenkja på så eg rakk ikkje å kvi meg så mykje.

– Dei monterte to GoPro-kamera i front, og dei gløymde eg nesten då eg starta å køyra. Men kvar gong eg skulle rygga blei eg minna på det, for i baksetet var det montert eit stort kamera, seier Knut.

Verken han eller førarlæraren vil røpa korleis det gjekk med oppkøyringa.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.