Ny bane klar på måndag
Sjekk graset! Lysekloster ligg framfor skjema med den nye, utvida kunstgrasbanen.
Bildeserie:
– Sjå stripene! Eg lurer på om ikkje vi er først i Noreg med denne typen gras, seier styreformann Svein Kollen.
Det nye kunstgraset er eit resultat av ein reklamasjon. Men det er spytta i ein knapp million ekstra så banen kunne utvidast til internasjonale standard (105 x 68 meter).
Klar for første heimekamp
Tysdag viste han Midtsiden stolt rundt på det nye fellesanlegget til skulen og idrettslaget han leiar. Klubben rakk ikkje få banen ferdig til å ta imot Sogndal i NM, den kampen måtte gå på Kuventræ.
Men arbeidet ligg framfor skjema.
– I dag blir linjene lagt, utover i veka kjem gummikulene ned i graset. Måndag skal banen vera klar til bruk.
Det gamle graset blei rive vekk i slutten av mars. Lysekloster har i tida utan bane spelt alle dei tre første seriekampane på bortebane.
– Det har gått veldig bra, 7 poeng til A-laget og imponerande 6 av 6 moglege til andrelaget, seier Kollen.
I dag speler A-laget borte mot Tertnes, første heimekamp blir mot Brann 2 måndag 4. mai. Både den siste før sommarferien og alle dei tre første til hausten blir også heime.
Nye garderobar
Saman med ny og større bane har det kome nye og høgare gjerder bak måla.
Nye garderobar i kjellaren under gymsalen skal også skapa ei meir proff ramme på A-laget sine kampar.
– Det er nye garderobar til både heime- og bortelag, med eigen dusj til trenarane. I tillegg er ny dommargarderobe snart klar.
Det blir bygd parkeringsplass mellom banen og gymsalen. Den gamle ballbingen er gjeve vekk til grannelaget i Hellebakkane, ein ny binge kjem på plass seinare.
– Det blir bra for både fotballspelarar og skuleelevar når dette står klart. Eg må seia det er uvant, men flott å sjå kor stor banen har blitt, seier Kollen før opning.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.