Lokal | 16. aug. 2017

Ny diakon i Os

Under gudstenesta søndag blir to nytilsette presenterte, blant dei; Ingrid Vik som ny diakon i Os.

Ny diakon i Os
Ingrid Vik er ny diakon i Os. (Foto: Os sokneråd)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 16. aug. 2017 11:15

Ingrid Vik blir innsett i stillinga som ny diakon i Os ved gudstenesta førstkommande søndag formiddag 20. august.

Det er kapellan Roar Evjedal som leiar gudstenesta.

Også ein ny medarbeidar skal presenterast; Marianne Tveit.

Ho har det meste av arbeidsdagen på kyrkjegardane, men skal òg ha noko teneste som kyrkjetenar.

Etter gudstenesta inviterer soknerådet til kyrkjekaffi og nærmare presentasjon av dei nye medarbeidarane i Tunet kyrkje- og kultursenter, skriv Os sokneråd i ei pressemelding i dag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.