Konrad Oppedal var blant dei som leika seg i Eikedalen i skodda på søndag som var. Komande søndag ligg an til å få betre sikt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Ny draumehelg i fjellet

30 cm nysnø og start for stolheisen: Alpinanlegga har fått ein god start på 2012. Eikedalen ventar ny helg med sol og mykje folk i løypene.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Fredag, januar 20, 2012 - 15:29

– Det har snødd bra dei siste dagane, no har vi 30 centimeter med fersk og tørr puddersnø i bakkane, seier Fredrik Tønjum ved Eikedalen Skisenter.

Eikedalen har 190 cm oppe og 150 cm nede og har fått ein veldig god start på året.

– I fjor kom få av godvêrsdagane i helgene, i år har vi starta med sol og mykje besøk søndag 8. januar, og tilsvarande laurdag 14. januar. Dette har gjeve oss ein flott start på året!

Sol og lite vind

I helga ser det ut til å bli sol delar av både laurdagen og søndagen. Laurdag skal det snø om formiddagen og kvelden, men mellom klokka 12 og 18 skal det vera lettskya og sol.

Søndag er det meldt sol om formiddagen, overskya midt på dagen og ingen nedbør.

Det er meldt svak vind og temperatur mellom 3 og 5 minus begge dagar.

Sjå vervarsel for Eikedalen på yr.no

Start for stolheisen

– Søndag satsar vi på å opna stolheisen òg. Vi har hatt tull med nokre kablar etter stormane som var tidlegare i vinter, men no har vi folk og ser på det og snart er vi klar til litt testkjøring, seier Tønjum.

Han legg til at mange etterlyser drift av stolheisen når den ikkje går, og at enkelte trur at skisenteret lar heisen stå for å spara pengar.

– Det er sjølvsagt berre tull. Det kostar oss berre rundt 3000 kroner å drifta stolheisen per dag. Som oftast er årsaka anten sterk vind eller dårleg sikt.

– Tryggleik kjem først, og i eit fjell som vårt, der nedfartene ikkje er innramma av skog, kan det vera farleg å senda folk opp i ein tåkeheim.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11