Geir Amundsen (i midten) saman med butikkdrivarane Lena Stigen Mathisen og Paul Hans Sælen frå styret i sentrumsforeininga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Ny leiar i sentrum

Os Sentrumsforening har engasjert bergensaren Geir Amundsen (53) som dagleg leiar.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Lørdag, januar 28, 2012 - 11:34

– Eg har mast på han ei stund og er glad vi endeleg fekk han til å takka ja, seier styreleiar i Os Sentrumsforeining, Øystein Engevik.

I eit møte tysdag engasjerte foreininga Geir Amundsen som dagleg leiar.

– Geir har over 25 år med erfaring som seljar. Eg har kjent han lenge og synes han er ein kreativ type med godt humør og veldig stå-på-vilje.

Var salssjef hos Porsgrund

Geir Amundsen har vakse opp på Helleneset, er 53 år, gift og har tre ungar. Han har utdanning frå BI og fartstid som blant anna kokk, telemontør og seljar.

– Eg har vore seljar sidan 1985. Dei siste 5-6 åra jobba eg som salssjef hos Porsgrund si storkjøkkenavdeling, fortel Geir.

Men Porsgrund la brått ned og 53-åringen blei ledig for nye oppdrag.

50 prosent i 3 månadar 

I fjor vår bestemte styret seg for å seia opp dagleg leiar Renate Iversen. Foreininga hadde ikkje råd til å ha tilsette.

– Nå har vi fått til ein avtale med arbeidsretta tiltak, 50 prosent stilling i tre månadar med moglegheit for utviding i yttarlegare tre månadar, seier Engevik.

– Oppgåvene til sentrumsforeininga er for mange og for store til at vi i styret kan ta oss av det ved sidan av butikkdrift. Derfor er eg glad for at vi no får ei ordning der vi i starten har drift utan lønsutgifter, og på sikt kan danna grunnlag for vidare engasjement.

– Alt ligg tilrette

Amundsen fortel at han og familien lenge har hatt hytte på Sævareid, og at han liker seg veldig godt rundt Bjørnefjorden.

– Os er jo ekstra spennande, ikkje berre med vekst i folketalet og ny veg på gang, men i og rundt Os sentrum, med nytt kulturhus og store, moderne bustadprosjekt.

– Det er nok fleire utfordringar som ventar meg, men eg kan ikkje forstå anna enn at alt ligg tilrette for vekst og spennande utvikling i Os sentrum.

Vårslepp og medlemsvekst

Årets første arrangement i Os sentrum, Vårsleppet, blir første konkrete prosjekt Amundsen tar tak i.

Men det er ikkje berre det årlege mai-arrangementet han skal jobba med dei første vekene.

– No skal eg i møte med styret igjen på onsdag, der vi skal setja opp ein liten arbeidsplan, men medlemsrekruttering er blant det som har høg prioritering, seier Amundsen.

– Alle næringsdrivande i sentrum, ikkje berre dei som driv butikk, bør vera med på dette samarbeidet, meiner styreleiar Engevik.

Amundsen byrjar i jobben 1. februar og får to faste kontordagar på Os. 

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11