Kultur | 22. feb. 2018

Ny ORBO-video – med bidrag frå 25 land

– Responsen har vore overveldande, seier Ole Reinert Berg-Olsen. Her er førpremiere på «Road to Riches».

Ny ORBO-video – med bidrag frå 25 land
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 22. feb. 2018 21:51

Ved midnatt blir ORBO sin nye låt «Road to Riches» sleppt på Spotify og andre musikkstrøymingstenester.

Samtidig går musikkvideoen på lufta, berre 23 dagar at Ole Reinert Berg-Olsen gjekk ut og inviterte kven som helst til å senda video av seg sjølv mens dei køyrde bil eller var i rørsle.

– Eg er både overraska og veldig takksam for responsen! Eg har ikkje tal på kor mange som har sendt inn, men det har kome bidrag frå 25 land (sjå oppramsing under). Så og seia alle har kome med, men det var nokre få klipp som hadde for låg oppløysing, og nokre fine klipp som kom denne veka, som var litt for seint, seier musikaren frå Os.

Midtsiden har fått lov å koma med ein førpremiere.

(Artikkelen held fram under videoen)

– Kor mange av videosnuttane er dine eigne?

– Nokre få. Eg har noko som er tatt i New York, noko i Os når eg har vore i båt og nokre litt ferske frå ein tur til Dubai.

ORBO har tydelegvis framleis ein del fans ute i verda, sjølv om det er nokre år sidan han spelte inn album i Nashville og klatra på listene hos amerikanske AMA CHART.

– Eg får med ujamne mellomrom spørsmål om kor tid eg skal spela i Seattle eller kor tid eg kjem til Nashville igjen. Det er alltid like hyggeleg. Men å få denne typen respons frå så mange er heilt overveldande, seier ORBO, som i kveld speler konsert på Herr Nilsen i Oslo

I videoen ser du opptak frå desse 25 landa:
Australia, New Zealand, Thailand, Laos, Cambodia, Sri Lanka, Greece, India, France, United Kingdom & Shetland, Norway & Svalbard, United Arab Emirates, Kenya, Switzerland, Sweden, Brazil, Peru, British Virgin Islands, USA, Canada, Italy, Spain, Denmark, Vietnam og Mexico.

Om du trur du ser ein Aarebrot eller ein oljeminister i videoen, så har du rett. Om du trur du ser ein Midtsiden-redaktør i badebukse, så er det synsbedrag ...

Av landemerke som er representert, kan det nemnast:
• Colosseum
• Frihetsgudinnen
• Golden Gate
• Burj Khalifa
• Burj Al Arab
• "The Strip» (Las Vegas)
• Troll-plattformen
• Chinatown, NY
• The New Yorker-redaksjonen
• Lyseveien
• Cannibal Island (Pirates of The Caribbean)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.