Thomas Nordal, som starta sportskarriera si på Nesttun i 1991, blir butikksjef og medeigar i den nye Sport Outlet-butikken.

Ny outlet - nesten på heimebane

Os' største firma, Sport Outlet AS, opnar sin 36. butikk, denne gong på Nesttun.

image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Sport Outlet AS, som har felles eigarar med dei fleste MX Sport-butikkane i bergensområdet, er ifølgje Dagens Næringsliv den raskast veksande sportskjeda i Noreg.

Frå starten med butikk i Åsane hausten 2012 til dei fekk kjedekontor i Os i april 2015 blei det etablert 12 butikkar. I utgangen av 2015 var det opna rundt 20 butikkar, i utgangen av 2016 hadde kjeda 30 butikkar.

Omsetnaden vaks frå 186 millionar til 349 millionar kroner frå 2015 til 2016. Resultatet før skatt enda på 31,4 millionar.

– Vi held fram med å utvida. I førre veke opna vi i Bodø og på Hønefoss, denne veka opnar vi på Nesttun og i neste veke opnar Sport Outlet i Odda, fortel dagleg leiar Tor-André Skeie.

Sport Outlet har gjort suksess med merkevarer til minst halv pris, i ein forretningsidé som handlar om meir enn lagertømming sett i system. Sport Outlet får også hand om eksklusive varer og merke som er store i Europa, men der norske småimportører, med krav om eit visst volum på det dei kjøper, blir sitjande med meir enn dei klarer å selja. I tillegg driv dei eigen import av varer.

Etterlengta tilbod i Os og Bergen sør

Tor-André og broren Jan Frode eig kvar sin fjerdedel av morselskapet Invent Sport AS, som òg eig MX Sport-butikkane Os, Laguneparken, Åsane, Sotra, Askøy og Sletten Senter. I fjor sommar flytta dei hovudlageret til Os, i mars i år kjøpte dei kjeda ut av butikkane sine.

– Det har jo kome ein del spørsmål om ikkje vi skal opna Sport Outlet i Os, eller i Fana, der medeigaren vår Odd Arne Larsen er frå. Vi har outlet i Åsane, Fyllingsdalen og på Stord, men folk i Os og Bergen sør har nok opplevd det som litt langt å reisa.

– No har vi vore heldige og fått tak i eit svært godt lokale på Nesttun, samtidig får vi ein dyktig butikksjef og medeigar som selte sine sportsvarer på Nesttun i 1991.

– For å få gode, lokale butikksjefar har vi lokalt medeigarskap der vi etablerer nye butikkar.

– Ekstra gode på treningstøy og sko

Torsdag morgon opnar Sport Outlet på Nesttun. Butikken har fått lokale på gateplan i Nefagården, på hjørnet midt i gågata, der det er opning ned mot parkeringshuset.

– Eg sto i det same lokalet og selte sportsutstyr, som 18-åring i 1991. No får vi slått ned nokre veggar, så butikken blir i alt på 700 kvadratmeter, fortel Thomas Nordal.

Seinare starta han sin eigen butikk saman med Odd Arne Larsen, som gjekk vidare i kompaniskap med Skeie-brørne. Sjølv har Nordal halde fram i sportsbransjen. I 2010 selte han dei fire butikkane sine, i april 2016 byrja han å jobba med innkjøp for Sport Outlet.

– Utvalet er stort, frå utstyr til fiske, friluftsliv og heimetrening til det som i dei fleste sportsbutikkar er største varegruppe, sko og tekstil.

No er han, saman med dei tilsette frå Os og Bergen, i innspurten før den store opningsdagen.

– Sport Outlet på Nesttun vil bli spesielt gode på treningsbekledning og sko, også til løping, fortel Nordal.

Dobbelt så stor som dei nest største

Før Skeie-brørne flagga heim var Bøe & Lepsøy og Bohus Nordås dei største selskapa i Os, begge med rundt 280 millionar kroner i omsetnad.

• Les òg: Topp 100, dei største selskapa i Os

Sport Outlet åleine hadde i fjor 350 millionar i omsetnad. MX Sport-butikkane hadde 143 mill i 2015.

Eigarselskapet Invent Sport AS, som i skrivande stund eig både seks MX Sport-butikkar og 36 Sport Outlet, blir det klart største selskapet i Os, omtrent dobbelt så stort som for eksempel Alutec, Solstrand og Fløysand Tak til saman (2015-tal).

Fleire saker

bilde-midtsiden

Lite stemte for Os

17. oktober 2017

Det stemte verken framover eller bakover då Os møtte Fyllingen.

bilde-midtsiden

Bil i fjellveggen

17. oktober 2017

Ein mann er køyrd til legevakt etter ulykke nær Nordvik.