Lokal | 16. des. 2014

Ny periode med stengt veg

I førre veke blei delar av arbeidet stoppa av lynnedslag (!), i morgon satsar dei på å få lagt ferdig det nye dekket i Skeisstøa.

Ny periode med stengt veg
Denne delen av Skeisstøa blir stengt. Lepsøyvegen til høgre på kartet.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 16. des. 2014 13:55

Torsdag i førre veke var eit stykke av Skeisstøa, frå krysset med Lepsøyvegen og inn mot Ravneberghaugen, stengt grunna legging av nytt dekke.

– Dessverre var den eine maskina litt skadd av lynet, men dei fekk kome i gang med arbeidet, fortel Terje Myking frå teknisk drift i Os kommune.

I morgon, onsdag 17. desember, skal arbeidet fullførast.

Vegen blir stengt frå klokka 8 til 17. Omkjøring er via Skeisflaten og Skeisleira.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.