Brannvesenet på plass i Søvik. (Foto: Varde Media)

Ny pipebrann

Brannvesenet på sløkking i Lysefjorden onsdag formiddag.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Onsdag, januar 25, 2012 - 11:47

Onsdag i førre veke var årets første pipebrann i Os, i dag kom brann nummer to.

– Det var naboar som oppdaga brannen, men det var også folk heime i huset, fortel Terje Håvardstun frå Os brannvesen.

Dei rykte ut i 10.30-tida. Huseigar hadde stengt spjeldet så det var ikkje flammar frå pipa då brannvesenet kom fram.

– Vi feide ned og har framleis folk på staden. Det er førebels uvisst om pipa har tatt skade av brannen.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11