Marius Neset fekk Kongsberg Jazzfestival sin store pris onsdag (privat foto)

Ny pris til Marius

Marius Neset held fram med å hausta gode ord og prisar for sitt arbeid som musikar, komponist og arrangør.

Av: Andris Hamre

Onsdag opna statsminister Erna Solberg Kongsberg Jazzfestival. Kort tid etter blei osing, saksofonist, komponist, bandleiar og arrangør Marius Neset kalt opp på scenen for å motta Kongsberg Jazzfestival sin store musikerpris på 200 000 kroner. I statuttane for prisen står det at prisen skal gå til ein musikar som har markert seg sterkt på den norske jazzscenen.

I juryen si grunngjeving står det mellom anna at Marius Neset i løpet av sitt 32-årige liv har rekt å setta sitt meget markante og personlige stempel på den internasjonale samtidsjazzen. I tillegg til å vera saksofonist og bandleiar er Marius Neset også ein talentfull komponist og arrangør.

– Prisvinnaren speler saksofon med ein enorm autoritet og energi – og med ein teknikk som gjer at han kan spele kva som helst.

I prisen inngår også at han skal komponera musikk til «Prisvinnarkonserten» ved festivalen til neste år.