Kultur | 18. juli 2014

Ny rekord for Tysnesfest

– Vêret kan vera både venn og fiende, seier festivalsjef Sigvard Madsen, og fortel om stor auke for både Tysnesfest og båtgjestar elles i året.

Ny rekord for Tysnesfest
Publikum på Tysnesfest 2014. (Foto: Kine Evensen, Midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 18. juli 2014 12:01

Bildeserie:

Ylvis var blant dei som lagde liv på årets festival. (Foto: Kine Evensen, Midtsiden.no)
Ylvis var blant dei som lagde liv på årets festival. (Foto: Kine Evensen, Midtsiden.no)
Bård Ylvisåker. (Foto: Kine Evensen, Midtsiden.no)
Bård Ylvisåker. (Foto: Kine Evensen, Midtsiden.no)
Over 23.300 besøkt er ny rekord. (Foto: Kine Evensen, Midtsiden.no)
Over 23.300 besøkt er ny rekord. (Foto: Kine Evensen, Midtsiden.no)
1 av 3
Ylvis var blant dei som lagde liv på årets festival. (Foto: Kine Evensen, Midtsiden.no)
Bård Ylvisåker. (Foto: Kine Evensen, Midtsiden.no)
Over 23.300 besøkt er ny rekord. (Foto: Kine Evensen, Midtsiden.no)

Årets Tysnesfest blei nok ein rekordfestival. Frå 2010 til 2012 auka publikumstalet frå 15.000 til 22.000, i år var det heile 23.305 besøk på Tysnesfest.

Tidlegare år har fredag eller laurdag, éin av kveldane, skilt seg ut som best. I år hadde festivalen, for første gong, over 5000 publikummarar begge dei to største kveldane i den fem dagar lange festivalen.

– Det var god hjelp i det varme og fine vêret. Men vêret kan vera både venn og fiende, folk blir sitjande lenger på campen, i båtane og heime på terrassen når det er så fint som det var i helga, seier Sigvard Madsen.

Rekordmange i telt og båt

Tysnesfest hadde også rekord både på campen og i hamna.

– På campen var det smikkfullt med 350 einingar (telt, bubil og vogn), i hamna hadde vi langt over 400 båtar liggande.

27 flytta heim

Festivalen i den vesle kommunen er med på å visa Tysnes til tilreisande gjestar, noko det er mange av.

Noko særleg innverknad på folketalet i kommunen ser det førebels ikkje ut til å ha. Tysnes kommune vaks med 9 innbyggarar frå 1. januar 2013 til 1. januar 2014, men hadde nedgang på 30 året før og har med 2.745 innbyggarar cirka 200 færre enn i 2001.

I tillegg er det 1016 fritidsbustadar på Tysnes, mot 1038 toppåret 2004.

– Men kampanjen vår, «Flytt heim!», der vi lovde gratis festivalpass til dei som meldte flytting til Tysnes i vår, slo godt an. Vi hadde 27 som flytta til Tysnes før 1. juni i år som kom og henta festivalpass.

– I tillegg er det kjekt for lokalsamfunnet å få vist fram bygda vår på denne måten.

Frå 300 til 3000 båtgjestar per år

Elles merkar lokalsamfunnet ei stor auke i folk som besøker Tysnes med båt.

– Samla sett hadde vi 281 båtgjestar i løpet av eit heilt år før vi starta Tysnesfest. I 2013 hadde vi 3000 gjestedøgn med båt, fortel Madsen.

På oppfordring ser han ut vindauget frå Mandehuset og tel båtar i hamna fredag formiddag.

– Det ligg 27 båtar her no. Det kjem nok fleire på ettermiddagen, seier festivalsjefen nøgd før ei god veke med sol og varme igjen skal prega stemninga i bygdene rundt Bjørnafjorden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.