midtsiden

Ny runde - nye billettar

Her er vinnaren av billettane frå førre runde. Vil du vinna denne veka må du veta litt om vokalisten på bildet.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Onsdag, august 25, 2010 - 13:53

Laurdag 11. september er det konsert med Postgirobygget i Oshallen. Midtsiden deler ut to billettar i veka fram til konserten.

SJÅ BILDE FRÅ VASSENDGUTANE
I OSHALLEN I 2009

I runde to var det 59 som sendte inn svar. To av desse trudde mannen på bildet var A-lagstrenar Frank Hellevik, éin trudde det var spiss Tim Henrik Sperrevik. Rett svar er arrangementsansvarleg Ove Hjelle. Alle svarte rett på spørsmål nummer to, Postgirobygget syng sløv utan ... dop.

Rett svar var altså C og B. Vi fekk Os-trenar Frank Hellevik til å trekka ut ein vinnar.

VINNAREN AV 2. RUNDE: Siv Tone Virkesdal
Siv Tone kan kontakta Midtsiden på 90789270 for å avtala henting av dei to billettane ho har vunne.

NYE SPØRSMÅL
For å vera med i neste trekning må du svara rett på desse to spørsmåla:

1. Vokalisten i bergensbandet Scala, som skal varma opp for Postgirobygget, er også trenar for Os sitt juniorlag. Kva heiter han?
A: Øyvind Steffensen
B: Arne Hurlen
C: Børge Borgen

2. Postgirobygget selte 160.000 eks av debutalbumet. Kva heiter albumet (som kom ut i 1996)?
A: Mjøl
B: Melis
C: Sukker

Send svaret ditt til kjetil@midtsiden.no
Svarfrist: Måndag 30. august klokka 15.

Tysdag/onsdag i neste veke kjem vi med vinnaren og spørsmål til 4. av dei 5 rundane før konserten 11. september.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11