Sport | 23. aug. 2016

Ny siger til Os 2

– Vi har ikkje gjeve opp å halda oss i 4. divisjon, seier trenar Odd Jarle Hjelle.

Ny siger til Os 2
Fabian Bødtker, her på heimebane i vår, skåra tre mål på bortebane måndag kveld. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 23. aug. 2016 11:47

Os 2 rykte i fjor opp igjen til 4. divisjon, men fekk ein tøff vårsesong der dei tapte 9 av dei 10 første kampane.

No har dei vunne 2 av dei 3 siste etter at dei i går slo Telavåg 5-3.

– Vi starta svakt og var i grunnen heldige då vi sette 1-0. Men så tok vi fullstendig over, seier trenar Odd Jarle Hjelle.

Os 2 leia 4-0 til pause og gjekk opp i 5-0 tidleg i 2. omgang.

– Telavåg sine to siste mål kom på overtid, så vi var aldri truga.

Tre mål av Bødtker

Fabian Bødtker, som skåra fire mål på éin omgang i Norway Cup, er framleis ein farleg fyr. I går skåra han tre mål, 1-0, 3-0 og 5-0.

Steffen Årseth Ljosheim og Emil Miridoozini Halver skåra kvar sitt.

Os 2 sin tropp borte mot Telavåg: Kasper Færøvik, Christoffer Hevrøy, Knut Spangelo Haga, Ludvig Egge Drange, Vegard Hjelle, Ådne Onarheim, Fabian Bødtker, Øystein Takle Eide, Emil Halver, Ola Lekven Moberg, Anders Havsgård, Thomas Lunde Fosen, Harry James Moore, Markus Sørås Bjørnevik, Erlend Sørås Storebø og Steffen Ljosheim.

Har framleis håp om å halda seg

Det er berre dei seks beste laga som held seg i 4. divisjon etter årets sesong.

Os 2 ligg på 11. plass (av 12 lag) med 9 poeng. Solid på 6. plass har 21 poeng.

– Vi har framleis mål om, og håp om, å halda oss. Vi har vist at vi er på høgde med dei fleste, og når vi no har litt fleire med oss frå A-stallen så er det nok det vesle som skal til. Også førre kamp, den første etter ferien, var ein vi burde vunne.

Etter å ha tapt dei to første i vår med 6 og 5 mål har det berre vore tap med 1 eller 2 mål i dei andre poenglause kampane.

– No ventar to heimekampar på rad, vi får byrja med å vinna desse to om vi skal ha sjanse til å klatra, seier Hjelle.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.