Berit Osmundsen og Vidar Langeland då Oselvarverkstaden i desember i fjor blei listeført hos Unesco. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Ny sjef på Oselvarverkstaden

Berit Osmundsen gir frå seg stafettpinnen etter 1,5 år som dagleg leiar.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Oselvarverkstaden, som i 2016 både fekk ny sjef, fekk tildelt Olavsrosa og blei listeført hos Unesco, få no ny dagleg leiar.

Då Åsmund Lien sommaren 2016 gjekk av med pensjon, etter å ha vore dagleg leiar ved Oselvarverkstaden sidan opning, var det båtbyggar Berit Osmundsen som overtok.

No vil Osmundsen, etter eige ønskje, endra stilling til fagleg leiar frå 1. januar 2018.

Vidar Langeland, somi fjor blei tilsett som administrasjonsmedarbeider, overtar som dagleg leiar.

Det går fram av ei pressemelding i dag. Her følgjer heile meldinga:

Nytt frå Oselvarverkstaden: Organisasjonsendring

Styret i Oselvarverkstaden vedtok 27.november følgande organisasjonsendring:

Bakgrunn: Oselvarverkstaden vart stifta i 1997 og har hausta nasjonal og internasjonal merksemd for sitt arbeid med utføring og formidling av kulturarven med bygging av oselvarar og å utdanna nye båtbyggjarar.

Oselvarverkstaden er ei stifting med føremål å ta vare på båtbyggjarhandverket som gjeld oselvaren i pakt med tradisjonar og strenge krav til kvalitet.

Oselvarverkstaden er medlem av Économusée, som er ei internasjonal samling av handverks-bedrifter. I 2016 vart verkstaden tildelt Olavsrosa og listeført på UNESCO si liste over immateriell kulturarv. Alt dette stiller store krav til fagleg arbeid, formidling og utvikling av verksemda i tida framover. I haust er det teke inn to lærlingar, noko som er i tråd med vedtektene om å ta vare på og sikre handverket for framtidige generasjonar.

Ut frå føremålet til Oselvarverkstaden, med nasjonal og internasjonal merksemd, finn styret det naudsynt og naturleg å styrke kjerneaktivitetane som ligg til grunn for dette. Med bakgrunn i utført strategiarbeid og innspel frå dagleg leiar Berit Osmundsen, har styret vedteke å oppretta ei stilling som fagleg leiar slik ein hadde tidlegare.

Dagleg leiar er Oselvarverkstadens øvste leiar, er resultatansvarleg og rapporterer til styret.

Fagleg leiar vil rapportera til dagleg leiar, men har møterett og uttalerett i styret.

Endring:

Berit Osmundsen (37) tiltrer stillinga som fagleg leiar frå 01.01.2018 etter eige ynskje. Ho har vore tilsett ved Oselvarverkstaden sidan 2004. Berit starta som lærling, båtbyggjar og dei siste halvanna åra som dagleg leiar.

Som ny dagleg leiar tiltrer Vidar Langeland (54) frå 01.01.2018. Han har vore tilsett i Oselvarverkstaden som administrasjonsmedarbeidar sidan 1.desember 2016. Vidar Langeland har bakgrunn som fotograf og videojournalist og har mellom anna jobba i Os og Fusaposten og Bergensavisen. Han er styremedlem i Os kulturutvikling og har eit godt nettverk både lokalt og i regionen og har god kunnskap om kystkultur og oselvaren si historie og bruksområde.

Os. 27.11.2017

Norvald Skåtøy
Styreleiar