
Ny storsiger til damelaget
Damelaget til Os starta årets serie i 4. divisjon med 0-4-tap heime for Gneist 2.
Så gjekk turen til Voss og klubben Bjørgum der Os vann 6-1.
Tredje runde, heime mot Lindås, blei utsett, bortekampen i fjerde runde enda med 7-1-tap for Fyllingen.
– Fyllingen var veldig gode, vi hang ikkje med i denne kampen, seier Os-trenar Rune Balland.
Søndag tok Os imot Radøy/Manger til femte serierunde. Gjestane spelte 3-3 mot Fyllingen i tredje runde, men blei for svake for Os.
– Søndag var vi eit heilt anna lag enn i førre runde, spesielt i første omgang var det glimrande spel og full klaff, seier Dalland.
Os - Radøy/Manger: 5-0 (3-0)
Målskårarar, Os: Linn Helen Thuen 3, Malin Moldskred og Caroline Nilsen.
– Linn Helen har verkeleg funne skåringsforma igjen. Men eg må også nemna Heidi Kloven, ho var banens beste i denne kampen og arkitekten bak mange av måla, seier Balland.
Søndag 29. mai (kl 16) speler Os den utsette kampen mot Lindås. Lindås tapte serieopninga 13-1 for Fyllingen og spelte 2-2 mot Radøy/Manger i andre runde.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no