Lokal | 18. nov. 2013

Ny veg til Øyane i 2014

Fylkesveg 158, Grindevoll - Lepsøy, blir likevel ikkje utsett til 2017.

Ny veg til Øyane i 2014
Delar av FV 158 Lepsøyvegen blir ny og breiare. No er det klart at det blir oppstart i 2014. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 18. nov. 2013 14:37

I sitt opprinnelege budsjett hadde fylkesrådmannen utsett oppstart av Grindevoll - Lepsøy til 2017.

Men etter dagens møte i samferdselsutvalet i Hordaland fylkeskommune er det klart at utbedringa av fylkesveg 158 likevel får oppstart i 2014.

- Dette er ein gledens dag for Os og Øyane, seier leiar i samferdselsutvalet, osingen Gustav Bahus (Frp).

– Auka midlar til fylkesvegnettet frå den nye FrP-Høgre-regjeringa gjer det no mogleg for oss å gjennomføra fleire større fylkesvegprosjekt i Hordaland.

Det er flertalspartia i Hordaland fylkesting, FrP/H/V, som no er einige om å prioritera Grindavoll-Lepsøy alt i 2014.

Førebels er det sett av 56 millionar kroner til prosjektet, men sluttramma må avklarast nærmare etter anbodsinnhenting.

Fleire prosjekt på ønskjelista

Os kommunestyre godkjente reguleringsplanen for prosjektet 29. oktober.

- Os kommune har også fleire andre fylkesvegprosjekt som skal realiserast dei nærmaste åra, men det er enno uklart om dei auka midlane frå staten vil vera nok også til desse prosjekta, seier ordførar Terje Søviknes.

Blant desse prosjekta finn vi gang- og sykkelveg frå Hatvikvegen til Vallebrua, gang- og sykkelveg langs Hatvikvegen sykkelvei fra Hatvikvegen og siste del av fylkesvegen frå ny Endelausemarka og ned til Lysefjorden.

– Vi vil uansett jobba for å få desse prosjekta prioritert i Hordaland fylkeskommune.

Les òg: Sjekkar grunnen på Grindavoll

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.