Lokal | 13. jan. 2017

Nydeleg vintervêr i vente

Alpinanlegga nærmast Os jublar over 50 cm nysnø, men også i låglandet blir det vinterstemning i helga.

Nydeleg vintervêr i vente
I Os sentrum landa dagens nedbør som slaps, mens her på Tøsdal er det vinterstemning fredag. (Foto: Ørjan Håland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 13. jan. 2017 13:56

Både Myrkdalen, Voss og Eikedalen melder om mykje nysnø dei siste dagane, frå 40 til 70 cm, og gode forhold i og utanfor løypene.

Også i Os blir det vintervêr i helga, med både snø, sol og minusgradar.

Nedbøren, som nær sjøen landa som sludd, men som i «innlandet» i Os fredag ligg som snø, kjem det meir av fredag ettermiddag.

Både Yr og Storm melder snø fram til i 20-tida i kveld, Yr melder også noko snø natt til laurdag.

Sol og kulde laurdag til måndag

Laurdag er det meldt lettskya og 1-2 minusgradar i Os. Vinden skal starta med 6-12 m/s i styrke, men løya utover dagen.

Til søndag er det meldt endå finare og kaldare, med 1 til 5 minusgradar, skyfri himmel og 1-2 m/s vindstyrke.

Også måndag skal det bli sol og kaldt, men på ettermiddagen skal det skya til og bli noko varmare.

Frå tysdag og ut veka er det meldt 5-6 gradar, overskya og noko nedbør.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.