Lokal | 25. nov. 2015

Nye «barn» i Os barnehage

Tysdag og natt til onsdag var det klekking i Os barnehage. Noko overraskande er det at tre av egga er frå ein kartong kjøpt i butikken.

Nye «barn» i Os barnehage
Onsdag morgon var 5 av 6 egg ute av egga. Tre av egga er kjøpt i butikken. (Privat foto)
Kari M. Lyssandonsdag 25. nov. 2015 09:21

Bildeserie:

Karina Lekven viser stolt fram den første kyllingen. (Foto: KML)
Karina Lekven viser stolt fram den første kyllingen. (Foto: KML)
Rugekalenderen. (Foto: KML)
Rugekalenderen. (Foto: KML)
Den første kyllingen blei klekka i går. (Foto: KML)
Den første kyllingen blei klekka i går. (Foto: KML)
(Foto: KML)
(Foto: KML)
Ungane har lyst inn i egga for å følgja utviklinga. (Foto: KML)
Ungane har lyst inn i egga for å følgja utviklinga. (Foto: KML)
Her får Daniel sjå egget. Ordforrådet til dei yngste har handla om egg og pip-pip.
Her får Daniel sjå egget. Ordforrådet til dei yngste har handla om egg og pip-pip.
Emil og Michelle følgjer nøye med. (Foto: KML)
Emil og Michelle følgjer nøye med. (Foto: KML)
Her er ungane heime hos Siri for å sjå foreldra til kyllingane. (Privat foto)
Her er ungane heime hos Siri for å sjå foreldra til kyllingane. (Privat foto)
1 av 8
Karina Lekven viser stolt fram den første kyllingen. (Foto: KML)
Rugekalenderen. (Foto: KML)
Den første kyllingen blei klekka i går. (Foto: KML)
(Foto: KML)
Ungane har lyst inn i egga for å følgja utviklinga. (Foto: KML)
Her får Daniel sjå egget. Ordforrådet til dei yngste har handla om egg og pip-pip.
Emil og Michelle følgjer nøye med. (Foto: KML)
Her er ungane heime hos Siri for å sjå foreldra til kyllingane. (Privat foto)

Dei har fått sitt eige rom, dei nye medlemmane i barnehagen, og tysdag byrja det endeleg å bli liv og lyd frå «rugerommet».

Her har egga blitt passa godt på av primus motor bak prosjektet, Karina Lekven.

– Vi fekk leiga rugemaskin frå ein privatperson frå Fusa og vi har lest oss godt opp på korleis vi skulle gjera dette. Når dei no kjem ut, etter 21 dagar, så skal dei flyttast over i eit akvarium som vi innreier. Då blir det lett for ungane å følgja med.

Stor stas

Prosjektet til Lekven var det eigentleg småbarnsbasene Vjola og Lila som har hatt, men kyllingegga har engasjert heile barnehagen, og også foreldra.

– Alle spør korleis det går og både søsken og foreldre har vore inne og sett på egga.

Dei har lyst inni egga med lykt så dei kan skimta kyllingen, dei tilsette har hengt plansjer ute i avdelingane så foreldra kan følga prossessen.

– Alle er veldig engasjert fleire av dei minste borna seier «egg» eller «pip-pip» når eg kjem gåande, seier Karina og ler.

Også styraren i barnehagen, Elisabeth Nordstrand, er blitt engasjert i prosjektet og Karina fortel at ho tysdag jamleg måtte senda ho oppdateringar om klekkinga, sidan styrar var på kurs denne dagen.

Då Midtsiden i går var på besøk var den første kyllingen klekka, og dei andre egga har tydelege sprekker.

– Det er kjempespennande, men eg har og litt klump i magen for om det går bra.

Bra har det gått, for Karina hadde mål om at dei i det minste skulle få ein.

Karina fekk ideen til å prøve å ruge fram kyllingar då ho og borna i barnehagen var på besøk hos Siri Storebø for å helsa på hønene, hanen og dei andre dyra hennar. Siri har sju høner og ein hane heime i hagen.

4 egg frå éin 6-pakning var befrukta

– Eg spurte Siri om vi kunne få nokre egg, noko ho sa ja til. Men ho gav meg ei lita utfordring i tillegg.

Karina fortel at Siri hadde høyrd at det gjekk an å få kyllingar ut av økologiske egg frå butikken. Karina tok utfordringa og kjøpte, i tillegg til dei sju egga ho fekk frå Siri, med seg ein sekspakning Solvinge-egg.

– Eg tenkte at vi kunne no prøva, men eg er veldig overraska over resultatet.

Dei kunne ikkje veta kor mange av egga dei fekk frå Storebø som var befrukta, men at det var færre enn i ein kartong frå butikken hadde dei ikkje sett for seg.

– 4 av 6 egg var befrukta, tre av dei heldt utviklinga av fosteret fram og to av desse tre var onsdag morgon ute av egget.

Lekven går no i skytteltrafikk for å passe på klekkinga. Etter at dei alle er komen ut så skal dei, etter nokre dagar i barnehagen, leverast til sin nye heim hos Siri.

– Eit lite under, men ikkje farleg

Kor «frittgåande» er eigentleg dei frittgåande hønene i eggproduksjonen?

Det hender at avisene rundtom i Noreg skriv om funn av befrukta egg i butikkane. Professor Birger Svihus seier til NRK at det ikkje er noko skummelt med befrukta egg til matlaging.

Då Midtsiden kontakta Den Stolte Hane Egg AS, som produserer Solvinge-egga, blir vi vist vidare til Kjøtt- og fjørfebransjens Landsforbund (KFL) med spørsmåla om alle dei befrukta egga.

– Det er vanleg at det går nokre hanar blant hønene, det ser ut til å få høneflokken meir harmonisk. Men det er gjerne berre 3-4 hanar blant 7000 høner, seier fagansvarleg Benedicte Lund frå KFL.

– Her var 4 av 6 egg befrukta.

– Oj. Ja då er det eit lite under. Elles har produsenten litt fleire hanar enn kva som er vanleg.

– Men det er heilt ufarleg og det er mange faktorar, ikkje minst temperatur, som skal stemma for at det skal utvikla seg kylling av desse egga.

– Kva om du lagrar egga dine i ein bod som er litt for varm?

– Det ideelle er 12 gradar, eventuelt kjøleskaptemperatur. Men du må opp i 37-38 gradar for at det skal bli kylling av eit befrukta egg. Dei færraste har det så varmt heime.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.