Lokal | 10. nov. 2017

Nye gatelys tent i dag

Denne skulevegen er i ferd med å bli tryggare.

Nye gatelys tent i dag
I dag blei etterlengta gatelys langs Hegglandsdalsvegen montert. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 10. nov. 2017 13:09

Bildeserie:

Dei gamle stolpane stoppar ved fabrikken. (Foto: KVB)
Dei gamle stolpane stoppar ved fabrikken. (Foto: KVB)
Det er ikkje LED, men vanleg lys i dei midlertidige lampane. (Foto: KVB)
Det er ikkje LED, men vanleg lys i dei midlertidige lampane. (Foto: KVB)
Mesta skal tilbake måndag og montera dei siste lampane. (Foto: KVB)
Mesta skal tilbake måndag og montera dei siste lampane. (Foto: KVB)
Lysa i dei tre første stolpane blei tent i dag. (Foto: KVB)
Lysa i dei tre første stolpane blei tent i dag. (Foto: KVB)
1 av 4

Hegglandsdalsvegen, frå Hauge forbi Lyssand til Hjelle, blei mørkare etter at Lyssandfabrikken blei tømt og produksjonen blei flytta til Sverige.

I tillegg til å mangla gang- og sykkelveg, blei det med mørk fabrikk meir synleg at det heller ikkje er gatelys forbi fabrikken. Samtidig har ny barnehage og utvida næringsverksemd i Hegglandsdalen skapt meir trafikk på den smale fylkesvegen.

I år blei det fart i sakene, då Os kommune viste vilje til å forskottera bygging av gangveg, då dei likevel skal legga nye rør langs vegen.

• Les òg: Framdrift på Lyssand

I mars blei det starta oppmåling langs vegen, i august var det ambisjonar om å få midlertidige gatelys på plass innan oktober.

Desse kom på plass i dag.

Lys i 3 av 9 stolpar

Det er montert ni stolpar forbi Lyssandfabrikken, alle plassert i lause betongfundament. Kablane ligg i rør på bakken.

– Leidningane blir liggande på bakken, men skal i luft over innkøyringa til Holen ved fabrikken, fortel Jørn Skibenes frå Mesta.

Saman med kollegaen fekk han montert armaturen i dei første stolpane, og desse blei tente mens Midtsiden var på plassen. Etter få sekund slo fotosensoren inn og lysa gjekk av i påvente av ettermiddag og mørke.

– Vi reknar med å få lys i dei resterande seks stolpane på måndag, seier Skibenes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.