Sport | 23. apr. 2018

Nye Øyglimt debuterte med 16-4-siger

Det er over ti år sidan sist Øyglimt hadde A-lag. I comebacket leia dei 10-1 til pause.

Nye Øyglimt debuterte med 16-4-siger
«Spelande kontaktperson» Ivar Bøthun, her i kamp for Nore Neset for nokre år sidan, var keeper i serieopninga til det nystarta A-laget til Øyglimt. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 23. apr. 2018 07:01

Etter ein haustfest med feiring og tilbakeblikk på IL Øyglimt sine første 40 år, blei det fart i dei som ei stund hadde gått med idé om å starta opp eit seniorlag igjen.

Både gamle stjerner og godt vaksne debutantar leitte fram leggbeskyttarane sine, og idrettslaget meldte på eit fotballag i 7-arserien.

Stallen er på 23 mann, men laget er sårbart, rundt halve stallen jobbar på båt.

– I går hadde vi 11 mann tilgjengelege, men det var i grunnen nok, seier «spelande kontaktperson» Ivar Bøthun.

Det var ingen keeperar blant desse, så Bøthun tok ansvar og tok det som skulle vera seg å bli ein ganske avslappande jobb mellom stengene.

– Eg slengte meg òg, understreker Ivar, før han fortel om kampens gang og nokre av høgdepunkta.

God start

Første kamp for det nye laget gjekk borte mot Fjell-Kameraterne søndag.

– Vi blei akkurat klare til kamp. Kjersti Danielsen tok turen til trykkeriet i Bergen og henta dei nye draktene våre laurdag ettermiddag, så alt var på stell.

Også på banen var det meste på stell, sett vekk frå ein glipp i forsvaret som førte til indirekte frispark fem meter frå mål.

– Det sto faktisk uavgjort ein liten periode, men vi spelte veldig godt, spesielt i første omgang. Ballen gjekk fort, det var mykje klikk-klakk-fotball før pause.

Ved halv tid sto det 10-1 til Øyglimt.

Fem mål av Austevoll

To i troppen som aldri skal ha spelt fotball før, i alle fall ikkje i ein serie som fører tabell, var det venta mykje av før seriestart.

– Både Morten Nicolay Nielsen og Karl Ole Lyngbø har vist stor målteft på trening og for ulike lag i MidtsidenCup opp gjennom åra. Eg trur dei var veldig spente før debuten, og dei kan ha hatt litt høge skuldre, men Nielsen fekk ei fin skåring på straffe.

– Han blei felt og tok straffen sjølv. Det krev jo litt ballar, men her var det ingenting som mangla. Nielsen sette ballen kontant i nota, og denne blei forløsande, etter dette rann det inn med mål i Fjell-buret.

Knut Jørgen Austevoll blei toppskårar med 5 mål, 4 av dei kom før pause. Johannes Brimsholm skåra 4.

Fjell-Kameraterne - Øyglimt 4-16 (1-10)
Målskårarar: Knut Jørgen Austevoll 5, Johannes Brimsholm 4, Ruben Vedholm Aasen 2, Raymond Halhjem 2, Morten Nicolay Nielsen, Lars Kristian Bruarøy og Sindre Leikvoll Moberg.
Øyglimt: Ivar Bøthun - Paul Kristian Haldorsen, Robert Bøthun, Knut Jørgen Austevoll, Johannes Brimsholm, Ruben Vedholm Aasen, Raymond Halhjem, Morten Nicolay Nielsen, Karl Ole Lyngbø, Lars Kristian Bruarøy og Sindre Leikvoll Moberg.

Flyttar barnebursdag for å sjå kamp

Søndag er det tid for første heimekamp.

– Då tar vi imot dei einaste laget i 7-arfotballen i Hordaland som meldte seg på i 1. divisjon, ein divisjon det ikkje var grunnlag for å oppretta, så det er nok favorittane vi speler mot i denne kampen, seier Bøthun.

Øyglimt - Myrdal startar klokka 18, eit klokkeslett fleire i Øyane har bite seg merke i.

– Det er folk i nabolaget som har flytta barnebursdagsbesøk for at det ikkje skal kollidera med heimekampen. Vi er spente på både vêret, oppmøtet og sjølve kampen, men har ein endå større tropp til helga, og satsar på at vi klarer i bita godt frå oss.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.