Kultur | 12. juli 2015

Nye rekordar på Tysnes

Tysnesfest knuste rekorden frå i fjor - og kan samtidig avkrefta eit rykte.

Nye rekordar på Tysnes
Laurdag var det mykje for ungdomen, som Matoma og OnklP. Årets Tysnesfest blei den mest folksame nokosinne, trass låge temperaturar og ein del regn. (Lesarbilde, foto: Emilie Julia Skjelde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 12. juli 2015 19:40

Årets Tysnesfest er over og arrangørane kan gleda seg over nok ein suksess.

Sjølv om tempereturen var cirka halvparten av tropevarmen i rekordåret 2014 - blei det rekord i år igjen.

– Vi knuste rekorden på 23.305 med nesten 3000, fortel Sigvard Madsen frå Tysnesfest.

Det totale besøkstalet i år blei 25.979!

– I tillegg blei den gamle rekorden frå 2012 på 5200 samtidige gjestar på Gjersdal slått då Tom Jones var på scenen fredag, då hadde vi over 6200 inne.

Vurderte å avlysa på Såto

Å arrangera konsert på Tysnessåta (753 moh) var nytt i fjor. Oslo Ess samla nesten 500 til konsert på fjelltoppen.

Det var aldri meint å bli ein tradisjon, men publikum var så ivrige at arrangørane inviterte til konsert med Lars Vaular på toppen i år.

– Det var så stygt vêr på morgonen at vi vurderte å avlysa, det var rett og slett usikkert om helikopteret kunne frakta musikarane opp, fortel Madsen.

Men konserten blei gjennomført og då arrangørane var ferdige med å telja viste det seg at heile 1.350 tok den lange fjellturen for å få med seg ein konsert langt utanom det vanlege.

Fleire år med Tysnesfest?

Både Midtsiden og Madsen har dei siste vekene fått spørsmål om årets Tysnesfest var siste Tysnesfest.

– Det skal tydelegvis lite til for at rykter oppstår, seier Madsen.

Han stadfestar at det blir Tysnesfest fram til og med 2017 og at det er ingen plan om å slutta med å arrangera Tysnesfest.

– Men det hender at vi har møte om vegen vidare, det er ei øving som må gjennomførast innimellom. Vi må veta at samfunnet har lyst på ein festival, og at alle involverte har lyst å laga festival, vi kan ikkje berre gå rundt og tru at alle er med oss frå år til år.

Neste år skal dei legga plan fram til 2020.

– Derfor har vi møter og diskusjonar, både for å lodda stemninga blant dei ulike aktørane og for å legga planar tre år om gangen.

Tysnesfest.no kan du sjå bildeseriar frå dag til dag gjennom festivalen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.