Lokal | 12. juli 2016

Nye teikningar av torgbygget

Det komande glashuset på torget, «Osroso», kan stå klart til jul. Bygget er noko forenkla og fleire viser interesse for å leiga lokalet.

Nye teikningar av torgbygget
Teikningane for torgbygget er noko forenkla. Dette bygget kan stå klart til jul. (Ill.: 3RW Arkitekter)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 12. juli 2016 13:00

Bildeserie:

Sånn var dei første skissene. (Ill.: 3RW Arkitekter)
Sånn var dei første skissene. (Ill.: 3RW Arkitekter)
Ein evt andreetasje blir som trinn 2. Her er dei nye teikningane. (Ill.: 3RW Arkitekter)
Ein evt andreetasje blir som trinn 2. Her er dei nye teikningane. (Ill.: 3RW Arkitekter)
Bygget blir 11 x 11 meter med 3,5 meter takutstikk i to retningar. (Ill.: 3RW Arkitekter)
Bygget blir 11 x 11 meter med 3,5 meter takutstikk i to retningar. (Ill.: 3RW Arkitekter)
Ein liten kjellar med teknisk rom kjem under havnivå og er no under bygging. (Foto: KVB)
Ein liten kjellar med teknisk rom kjem under havnivå og er no under bygging. (Foto: KVB)
1 av 4

Fredag 15. juli går fristen ut for å melda interesse for å leiga det komande bygget som kommunen skal reisa på torget i Os sentrum.

– Éin har sendt epost, to andre har sagt at dei vurderer dette og kan koma til å melda seg formelt innan fristen, seier ordførar Terje Søviknes.

– Dei som melder si interesse vil få éin månad på seg til å greia ut om sitt konsept før vi vil ta ei vurdering av dei ulike aktørane.

121 + 89 kvadratmeter

Bygget er forenkla noko ut frå teikningane som blei vist i vinter.

– Dette er meir realiserbart. Ein eventuell andreetasje med heis til takterrasse får koma som eit byggetrinn to.

Den rosemalte dekoren er òg tona noko ned.

Bygget er 11 x 11 meter med 3,5 meter takutstikk (til saman 89 kvm utandørs under tak) retning Bakketeig og Joker.

I tillegg til kjøl, lager, personalrom og kjøkken er det to toalett for publikum, eitt av dei for rørslehemma. Det kjem òg ein liten kjellar, som no er under bygging, som er teknisk rom som i tillegg til å drifta torgbygget skal vera pumpehus for dei komande fontenene i sentrum.

Servering, turistinformasjon, torghandel og underhaldning

Den komande leigetakaren vil få utvida ansvar utover det å halda open og servera mat og drikke.

– Vi ønskjer å ha dette som ein turistinformasjon med ei lita avdeling med både brosjyrar og tilgang til digital informasjon.

– Delar av utearealet under tak skal òg kunna lånast eller leigast vekk til torghandel, til frivillige lag eller til ulike underhaldningsbidrag.

Ordføraren reknar med at torgbygget vil bli med på å gjera sentrumskjerna meir attraktiv å besøka både for gjestar og utstillarar.

– Dette bygget er ikkje del av spleiselaget vi jobbar med, saman med grunneigarar og huseigarar, for å få baldakinar og fontener som del av opprustinga av Øyro og «Bydraget». «Osroso» tar kommunen kostnaden med åleine.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.