Lokal | 19. juli 2017

Nyt det!

Endeleg ser det ut til at sommaren kjem. I dag blir det over 20 grader og det held seg til over helga.

Nyt det!
Os hamn klokka 0750 onsdag 19. juli (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 19. juli 2017 06:18

Slik såg det ut i Os hamn klokka 0750 i onsdag morgon. Rett nok var det berre 10-12 grader då Midtsiden kom på jobb, men sola varma allereie og meterologane spår at vi skal komme opp i 22 grader i løpet av dagen.

I følgje pent.no som samanliknar dei automatiske varsla frå Yr og Storm så er dei to vêrmelderane ikkje heilt samde om det skal bli strålande sol uten skyer eller om vi får lettskya vêr, men ein ting er dei samde om det skal bli varmare.

Onsdag blir det òg lite vind, maks 2 meter per sekund.

Held seg bra

Hetebølgen som har skylla over sørlege delar av Europa ser ut til å ha nådd også Os. Temperaturen skal helda seg rundt eller opp mot 20 grader fram mot og over helga.

Torsdag blir den varmaste dagen med 24 grader og lettskya, fredag skal det bli litt meir skyer og kanskje litt regn natt til fredag, men på dagen skal det i følgje varsla ikkje regne på dagen.

Laurdag og søndag er dei to vêrmelderane litt meir usikre. Medan yr melder litt nedbør gjennom dagen, seier Storm at det skal vera tildels lettskya opphaldsvêr.

Over helga er det fare for noko nedbør, men også moglegheiten for lettskya fint vêr.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.