Sport | 07. mai 2009

Nytt eittmålstap

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 07. mai 2009 07:57

I fjor var dei berre eitt poeng frå å vinna serien i 3. divisjonsavdelinga si, i år har Os starta serien med 0-1-tap borte for Odda og 1-2-tap heime for Øygard.

I går blei det nytt knepent tap, 1-2 heime for Djerv.

- I går skapte vi ikkje så mange sjansar, men i dei andre kampane blei det ein del stang ut. Vi treng å bli betre på det å omsetja sjansar til mål, og saknar toppskåraren vår Linn Helen Thuen.

Thuen har vore sjuk den siste tida, men Erstad håpar han snart har ho tilbake. I helga herja ein influensa i laget, og Erstad måtte for første gong på sine tre år som dametrenar melda frå at han ikkje klarte å stilla lag kampen som skulle gått mot Arna-Bjørnar sundag.

Fråfall og nye reglar
Eit problem for mange damelag i Noreg er at mange jenter reiser vekk for å gå på skule etter gymnaset. Slik er det også i Os.

- Også i fjor hadde vi ein tynn stall, men då var vi heldige med få skadar og lite forfall i den gode startellevaren vår. No har vi mista fleire spelarar, i tillegg har det kome ein ny regel som hindrar oss i å søkja om dispensasjon for å bruka spelarar frå 94-årgangen.

Dametrenaren forstår at dette kan vera ein god regel for gutar, som det er fleire å ta av, for å hindra for stor belastning på ungdomen. Men det er færre jenter å ta av, og anudsynt for mange å kunna ta opp gode ungdomar til seniornivå.

- Saman med nokre andre klubbar i Bergen kjem vi til å senda klage på den nye regelen. Vi blør i begge endar slik det er no.

Gode debutantar
Nokre spelarar frå laget til Os har forsvunne, men andre har kome til.

- Ei av dei er Caroline Nielsen, som kom til oss frå Fusa i vinter. Ho skåra målet vårt i går. Ei anna er det lokale talentet Åsne Takle Rød, som skåra målet vårt mot Øygard førre kamp. Dessverre er Åsne 94-modell, og måtte bli sendt på tribunen då eg blei gjort oppmerksom på den nye regelen før kampen i går.

- Men vi satsar på å nå gjennom med klagen, så vi kan ha glede av Åsne gjennom resten av sesongen, seier Terje Erstad.

Neste kamp for damelaget er på bortebane mot NBK 24. mai, medan neste heimekamp er 1. juni mot Follese (kl 16.00). Follese har starta serien med éin siger og eitt tap.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.