midtsiden

Nytt håp med høgre

Osingane fekk fleire fine plasseringar med venstre arm i handbak-VM fredag kveld, men dei står framleis utan medalje.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Lørdag, desember 11, 2010 - 19:11

Dei seks brytarane frå Os starta VM i Las Vegas med to femteplassar og ein sjetteplass, desse var det Arne Thuen og Andreas  Fagerthun som sto for.

Fredag var Frode Veim Haugland, Øyvind Birkeland, Are Strønen og Tore Matre i sving med venstreslegga.

- Eg vann tre kampar og kom på topp 10 ein plass, Tore vann to, Are og Øyvind éin kvar, melder Frode på teksmelding til Midtsiden.no.

Ifølgje resultatlista hamna Frode på 8. plass i venstre arm (80 kg), Tore kom på 13. plass (90 kg) og Øyvind kom på 12. plass (85 kg).

Laurdag er det høgre arm og nye sjansar til å ta medalje.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11