Lokal | 19. juni 2017

Nytt kryss på Lyseklostervegen

Fylkesvegen gjennom Åsen opna igjen i dag, med ein litt ny vri.

Nytt kryss på Lyseklostervegen
Sånn såg den nye svingen og det nye krysset ut i helga. (Lesarbilde, foto: Svein Atle Garvik)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 19. juni 2017 07:11

Fv 161 Lyseklostervegen har vore stengt sidan fredag klokka 19.

I helga har det vore jobba med påkopling til ny fylkesveg til komande E39, ein fylkesveg som skal stå ubrukt nokre år då all anleggstrafikk til området no går i Skogafjellstunnelen frå Svegatjørn.

Klokka 6 måndag morgon var planlagt opning av Lyseklostervegen igjen, no med eit nytt kryss rett nordvest for den nye brua over vegen.

• Les òg: Står Åsen-Helleskaret i fare

I dag har du berre eitt val i dette krysset, om nokre år skal det ta deg opp til nytt kryss der du kan velja mellom å køyra til Endelausmarka og E39 eller, om Åsen-Helleskaret står klar, vidare til Helleskaret og Drange.

• Midtsiden samleside: E39 Svegatjørn-Rådal

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.