Sport | 23. juni 2016

Nytt landslag for Eva

Ei overraska Eva Kristiansen må ta fri frå sommarjobben i kommunen for å reisa til VM-førebuingar og turnering i beach-handball.

Nytt landslag for Eva
Eva Kristiansen (til høgre) har måtte ta fri frå sommarjobben i Os kommune for å vera med Beach-landslaget på turnering (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 23. juni 2016 11:44

Beach-landslaget i handball på damesida har som det "vanlege" landslaget, som no er klare for OL i Rio, gjort det skarpt etter at dei fekk sitt gjennombrot i Italia-EM i 2007 kor dei tok bronse. Høgdepunktet så langt i det ferske landslaget si karriere er VM-gull i 2010, men dei har òg plukka med seg fleire sølv og bronsemedaljer i meisterskap.

I år er VM i Budapest, Ungaren det store målet. Ikkje minst med tanke på at meisterskapet tel som kvalifisering til World Games 2017 i Wroclaw, Polen.

Har aldri gjort det før

Ny på Beach-landslaget er tidlegare juniorlandslagsspelar og tidlegare Os-spelar Eva Kristiansen.

Keeperen, som no speler på Charlottenlund i Trondheim, fekk søndag beskjed om at ho var tatt ut til EBT-turneringa og VM-førebuingane i Plock og sit no på flyet på veg til Polen.

– Eg har aldri vore med på dette før, så det blir spennande det.

– Eg har forstått på trenaren Eskil Berg Andreassen at dei leita etter gode handballspelarar som ikkje var aktuelle for dei vanlege landslaga. Eg har òg skjønt at han har snakka med trenaren min i Trondheim om korleis eg har gjort det for Charlottenlund denne sesongen, fortel Eva på telefon frå mellomlanding på Torp.

Like mykje trening

Keepertalentet var innom aldersbestemte landslag og gjekk på toppidrettslinja i Åsane før ho flytta til Trondheim.

– Det er like mykje klubbtrening no som det var då eg spelte i Fana, men eg har ikkje dei doble øktene som eg hadde då eg gjekk i Åsane.

– Eg trivst godt i Charlottenlund. Det er ein triveleg gjeng eg trivst godt med. I tillegg får eg kombinert det med studia på NTNU kor eg no går andre året på kybernetikk og robotikk, fortel ho.

–Berre artig

Om den ventande turneringa og eit mogleg VM i Ungarn har ho ikkje gjort seg opp så mange meininger.

– Eg fekk jo beskjed om søndagen, så eg har ikkje fått gjort meg opp så masse meiningar om det, men det var jo litt fjernt å skulle spela med flagget på brystet igjen.

– Mi eiga målsetting har eg heller ikkje tenkt så mykje på. Eg tek det som det kjem, så får vi sjå korleis det går. Det er jo berre artig dette, ler ho på telefonen.

Kjenner Midtsiden ho rett, vil det i allefall ikkje stå på innsatsen i høve det å bli tatt med vidare til VM.

Tuneringa i Polen er med ei blanding av landslag og klubblag. Noreg speler mot Warszawa Sklad, BHT GRU JUKO Piotrkow Trybunalski, Reflex AZS AWF Volkswagen Poznan, Polen U16, Holland U18 og TSHV Camelot i dei innleiande kampane.

Beach-handball spelast på sand, kor ein kan skåra doble poeng om ein gjer spektakulære mål som piruettar og andre krumspring i lufta.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.