Næringsliv | 29. juli 2014

Nytt lokale - same konsept

Målet er framleis opning i august for Partyhuset Lilleballong, men lokalet blir ikkje lenger i sentrum.

Nytt lokale - same konsept
Olaug Gjelsvik og Henning Heimdal utanfor lokalet til Partyhuset Lilleballong. (Foto: KMAL)
Kari M. Lyssandtirsdag 29. juli 2014 19:34

Bildeserie:

Olaug i ballongverkstaden. Det byrjar å fylla seg opp med ballongar i hyllene. (Foto: KMAL)
Olaug i ballongverkstaden. Det byrjar å fylla seg opp med ballongar i hyllene. (Foto: KMAL)
Utleigelokalet vil ha både prosjektor og anna utstyr. (Foto: KMAL)
Utleigelokalet vil ha både prosjektor og anna utstyr. (Foto: KMAL)
Her skal det bli leikerom. (Foto: KMAL)
Her skal det bli leikerom. (Foto: KMAL)
Eigen kjøkkendel. (Foto. KMAL)
Eigen kjøkkendel. (Foto. KMAL)
Her kan både store og små boltra seg. (Foto: KMAL)
Her kan både store og små boltra seg. (Foto: KMAL)
Nokre av partyartiklane er hengt opp for å få oversikt over kva som må fyllast på (Foto: KMAL)
Nokre av partyartiklane er hengt opp for å få oversikt over kva som må fyllast på (Foto: KMAL)
Litt tomt enda, men her kjem det eit stort utval artiklar for kakebakarar. (Foto: KMAL)
Litt tomt enda, men her kjem det eit stort utval artiklar for kakebakarar. (Foto: KMAL)
1 av 7

Det har vore ein travel sommar for Henning Heimdal og Olaug Gjelsvik. Ikkje berre har dei reist kvar einaste helg rundt på festivalar og arrangement med hoppeslott, ballongar og sukkerspinnmaskin, kvardagane har gått med på å gjera i stand Partyhuset Lilleballong.

- Det er veldig travelt og det har vore litt forseinkingar, men vi byrjar å få ting på plass no, seier Gjelsvik.

Lilleballong skulle eigentleg starta opp i lokale i sentrum, men det blei forandring i planane. No er det i det bygget i Elvebakken der Proffverktøy AS var tidlegare som blir innreia til fest.

- Vi hadde sett fram imot å starta opp i sentrum, men det blei ei endring, og no gler vi oss til å koma i gang her.

Les meir om Partyhuset Lilleballong her.

Får bruka marka

2. etasje vil vera klar til bruk i løpet av nokre dagar. Her kan dei som vil feira barnebursdagar, ha møter, kurs eller andre aktivitetar få leiga. Det er eit rom med blant anna kjøkken og prosjektor, eit leikerom og bad og etasjen har eiga inngang.

- Vi trur det vil bli plass til 15-20 personar her, og så har vi fått til avtale med nabobonden om å bruka bakkane hans så mykje vi vil, så der kan vi setja opp hoppeslott og anna om ein ønskjer det, fortel Heimdal som presiserar at uteplassen mot hovedvegen vil bli gjerda inn.

Dei som leiger syr sitt eige program og bestemmer sjølv kor delaktig Lilleballong skal vera i opplegget.

I kjellaren vil ein kunne finna partyartiklar for både liten og stor, medan hovedetasjen har ein eigen ballongverkstad og eit stort utval av utstyr til kakebaking og pynting.

- Monica Engelsen frå dinkake.no vil halda kurs her og vi håper andre også vil bruka lokalet.

Mange nysgjerrige blikk

Etter at Partyhuset fekk namnet sitt på veggen utanfor har det vore mange skodelystne forbipasserande.

- Dei stoppar opp og kikkar inn vindauget, og vi har fått fleire spørsmål både lokalt og utanbygds frå om kortid vi opnar.

Heimdal og Gjelsvik byrjar å få ting på plass, men framleis er det ein del som manglar før dei kan opna for kundar.

- Men vi er optimistar og målet er å bli klare før skulestart.

- Vi tar framleis imot ballongbestillingar, men ein må bestilla over telefon til butikken er klar, seier Gjelsvik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.