Lokal | 31. aug. 2015

Nytt nummer frå i morgon

Legevakta får same nummer i heile Noreg.

Nytt nummer frå i morgon
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 31. aug. 2015 06:48

Frå i morgon, tysdag 1. september, ringer du 116117 for å koma i kontakt med den lokale legevakta, uansett kor i landet du ringer frå.

Helsedirektoratet og kommunane har ansvar for innføringa av det nye fellesnummeret. Målet er at det mellom anna skal vere lettare å kontakta legevakt når du er på reise eller flyttar.

- Mens dei fleste veit at 113 er nummeret til medisinsk naudhjelp, kjenner berre eit fåtal nummeret til si lokale legevakt. Eitt felles nummer for heile landet skal gjere det enklare for folk å hugsa nummeret og kontakta legevakta når fastlegen ikkje er tilgjengeleg, seier kommunalsjef for helse, omsorg og beredskap i Os kommune, Nils-Petter Borge.

Gratis å ringa til

Telefonnummeret er gratis å ringa til frå både fasttelefon og mobil.

Legevakt skal berre nyttast til å dekke øyeblikkeleg hjelp som ikkje fastlegen din kan handtera.

Naudnummeret 113 skal berre nyttast ved akutt fare for liv.

Lagre nummeret!

Telefonnummeret til Os og Samnanger legevakt, 815 17 020, vil halde fram som før òg etter 1. september. Men om du ringer 116117 kjem du altså fram til den lokale legevakta, uansett kor du måtte vere.

- Lagre 116117 på mobilen din med éin gong! Då treng du ikkje hugsa andre telefonnummer til legevakta, oppmodar Borge.

Kven skal du ringa?

Hugs at legevakt og medisinsk naudnummer skal nyttast i ulike situasjonar.

Når du treng legehjelp - kven skal du ringe?
• Fastlegen din i opningstida
• Nytt nasjonalt legevaktnummer 116 117 når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan vente
• 113 når det er akutt og står om liv

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.