Lokal | 10. mars 2017

Nytt pass? Os har fleire fullbooka dagar

Folk frå Fana er blant dei som bruker den nye timebestillinga. Osingar må vera tidleg ute om dei vil ha pass hos Os lensmannskontor.

Nytt pass? Os har fleire fullbooka dagar
Denne maskina lager 69 pass i veka. I neste veke er det berre 9 ledige timar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 10. mars 2017 09:24

I romjula fortalte Os lensmannskontor om ny ordning med timebestilling for å få pass. Etter ein overgangsperiode var det onsdag 1. mars også heilt slutt på drop-in.

– Passmaskina er ikkje i drift heile dagen, nokre dagar er det før lunsj, andre er etter lunsj. Torsdagar har vi langope til klokka 17, mens onsdagen er reservert dei som skal ha opphaldsløyve og liknande, fortel leiar for sivil avdeling ved Os lensmannskontor, Åsta Bakke-Mjelde.

Os lensmannskontor set av 10 minutt til kvar pass-kunde. Publikum skal til no ha gjeve gode tilbakemeldingar på ordninga og tida dei får.

Kapasiteten er 69 pass i veka.

Førre veke var heilt fullbooka, i veka som kjem er berre 9 av 69 timar ledige.

– Veka etter er det mykje ledig. Alle får time, men du får truleg ikkje time dagen etter at du bestiller, du må planlegga nokre dagar fram.

Mange kundar frå Fana

Etter ei sentralisering av pass-tenestene i 2015 sto Bergen igjen med éin stasjon som skriv ut pass. Den er i Fyllingsdalen.

– Vår pass-teneste her på Os er ikkje reservert berre for osingar. Mange frå Fana vil heller til Os enn Fyllingsdalen for å få pass, så det kan bli kamp om plassane, spesielt når det nærmar seg høgsesong.

Er det fullbooka på Os så må osingane reisa andre stadar for å få pass.

Meir vanskeleg å få nødpass

Når neste veke, veke 11, nesten er fullbooka, og påskeferien startar i veke 14, seier det seg sjølv at det er på høg tid å sjekka passet om du skal utanlands i påsken.

– Normalt er det roleg på vinteren, vi gler oss over at mange allereie er i gang med å få seg nytt pass. Det er jo det som er målet, at vi skal få spreia passbestillingane over heile året. Den pågangen vi har hatt frå april til juni dei siste åra vil uansett regulera seg sjølv, når vi no ikkje har drop-in.

Bakke-Mjelde åtvarar mot å satsa på nødpass.

– Om det står om liv og helse at du kjem deg på tur, så ordnar det seg nok. Men vi har i utgangspunktet berre eit par nødpass per dag, og verken Os eller Flesland kan garantera at du får nødpass. Er du seint ute, og berre skal på ein vanleg ferie, så er du heldig om det ordnar seg.

Siste år med pass på Os?

Også i 2018 kjem det endringar.

Det skal koma nye passautomatar og i Vest politidistrikt, altså Hordaland og Sogn og Fjordane, skal det til saman berre plasserast ut 6 slike.

– Dei nye maskinene skal koma våren 2018. Vi veit ikkje om Os blir ein av seks på Vestlandet.

Her kan du lesa meir og bestilla time (politiet.no)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.