Lokal | 21. nov. 2017

Nytt spel med lokale ord og uttrykk

Kva betyr det å «skotra»? Kva betyr det å vera «slonken»? Spelet «Kva seier du?» gir spørsmål og svar.

Nytt spel med lokale ord og uttrykk
Spelet «Kva seier du?» blir tilgjengeleg ulike stadar, blant anna på sjukeheimar og bibliotek.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 21. nov. 2017 10:28

F.v.: Meline Heimdal Haugland (Samnanger), Mildrid Aarvik (Fusa), Lillian Kvamsøy (Kvam), Erik Vangsnes (Fusa), Grete Byrkjeland (Os) og Øystein Grytøyr (Os). Med i gruppa, men ikkje på bildet: Anne Karin Røsseland (Samnanger) og Mary Ann Sørheim (Kvam).

Kva er eit «rivjarn»? Svaret finn du i språkspelet som kultursamarbeidet «Kultur for eldre» har laga til bruk på tvers av generasjonane.

Nettverket «Kultur for eldre» er eit samarbeid mellom kommunane Kvam, Samnanger, Fusa og Os, med medlemer både frå omsorgssektoren og kultursida. Nettverket er samla to gongar i året for å utveksla erfaringar og utvikla samarbeidstiltak. Det har resultert i fleire prosjekt og tiltak for å få fleire kulturaktivitetar retta mot eldre, både på og utanfor institusjon. Tidligare har ein blant anna fått tilskot til konsertar, dans, historie- og kunstformidling.

• Sjå òg: Ord og uttrykk frå Midthordland (Facebook)

I år har nettverket gjort ein ny vri og gått saman om prosjektet «Lokale ord og uttrykk».

I Kvam, Samnanger, Fusa og Os er det mange kvardagsord og -uttrykk som kanskje er typisk for desse grannekommunane. Det er samla inn 51 lokaltypiske ord frå dei fire kommunane.

Lanserer spel

Desse orda er trykt på store gode kort, eitt ord på kvart kort med forklaring på baksida. Vips, så har vi ein kortstokk og ein ny språkleik som har fått namnet «Kva seier du?».

Korta kan brukast til leik, spørje- og mimespel i grupper. Gamle ord og uttrykk aktiviserer språklege og kulturelle erfaringar som kallar både på minna og låtten!

– Vi håper korta også kan vera eigna for å skapa kontakt mellom generasjonane. Språket deler me og spelet passar for alle, seier kultureining-representantane frå samarbeidskommunane i ei pressemelding i dag.

Spelet finst i avgrensa opplag og vil difor verta gitt til avdelingar i kommunane kor fleire kan dela på spelet og ha glede av det saman.

Sjukeheimar, dagsenter, skulebibliotek, folkebibliotek, frivilligsentralar og vaksenopplæringa er blant dei som kan venta seg ei hyggeleg helsing frå nettverket Kultur for eldre.

– I Os kommune samla me inn ord gjennom samtalar med eldre i Gamleheimshagen dagsenter, fortel Grete Byrkjeland.

– Kortspelet er delt ut til kvar avdeling på Luranetunet inkludert dagsentra, og spelet er godt teke imot. Det er plan for å distribuera kortspelet til skulane i Os og til Os folkebibliotek i nær framtid.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.