Lokal | 27. apr. 2018

Nytt svanepar på reir

Eit nytt svanepar har etablert seg i Oselvo. Her er kommunen sine råd for fredeleg sameksistens med svanene.

Nytt svanepar på reir
Heil nede ved elva har det nye svaneparet bygd reiret sitt, så får ein berre håpe at det ikkje blir flaum før egga er klekt (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 27. apr. 2018 07:14

Bildeserie:

Medan hoa ligg på reiret er hannen like i nærleiken og passar på (foto: AH)
Medan hoa ligg på reiret er hannen like i nærleiken og passar på (foto: AH)
1 av 1
Medan hoa ligg på reiret er hannen like i nærleiken og passar på (foto: AH)

Hamnesjefen og kona hadde fast reirplass rett nedanfor Crux Vindfanget. No har eitt nytt svanepar etablert seg i same område. Litt nærare elva, heilt nede på elvebredden har dei den siste tida bygd reiret, kor hoa no ligg og rugar.

I følgje naboar skal det vera fem egg i reiret.

Råd for fredeleg sameksistens

Med konflikten mellom hamnesjefen og folk friskt i minne har Os kommune gått ut med nokre råd for fredeleg sameksistens med svanene i Os.

– Vi ønskjer å ha svaner i Oselvo. Svaner er ein vill art, og for at vi skal leve fredeleg side om side med dei, er det viktig at alle veit korleis vi skal respektere dei og oppføre oss mot dei, heiter det i meldinga frå kommunen.

  • Hald avstand! Ikkje oppsøk svanene. I hekketida frå april til juli kan svanene vere spesielt aggressive fordi dei vil beskytte reiret, egga og ungane sine. Dersom du høyrer kvesing, er det svana som åtvarar deg mot å kome nærare. Både svaner og reirplassen deira er freda.
  • Vis omsyn! La svanene vere i fred. Plaging av svanene vil bli meldt til politiet/Mattilsynet. Ser du nokon som plagar svanene frå land eller båt, ta bilete og send til politiet.
  • Ver venleg å ikkje mate svanene. Unntaket kan vere i lange kuldeperiodar. Svanene er ville dyr som sjølve finn maten dei skal ha i naturen. Det er òg viktig at svaneforeldra lærer opp ungane sine til å finne mat på ein naturleg måte.
  • Hald hunden i band! Omsyn til hekkande fuglar er ei av årsakene til bandtvang.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.