Lokal | 20. okt. 2014

Nytt utslepp i Os hamn

Måndag morgon var det ikkje berre drikkevatnet som var problemet, i Os hamn bobla det med avlaup igjen.

Nytt utslepp i Os hamn
Bergen Vann er i dag på plass ved gjestebrygga for å utbetra feil i pumpestasjonen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 20. okt. 2014 07:43

– Det fossar opp kloakk ved gjestebrygga, fekk Midtsiden tips om måndag morgon.

Dette skjedde også for tre veker sidan. Men i dag var årsaka straumbrot.

– Den første alarmen gjekk søndag kveld klokka 19.44, fortel José frå Bergen Vann.

Bergen Vann er på plass i pumpestasjonen ved gjestebrygga og har fått straumen på igjen.

– Vi har litt jobb igjen med utbetring av ein feil, så er alt i orden. Mens stasjonen har vore nede har nok kloakken blanda seg med overvatnet og kome ut i hamna, seier han.

Teknisk sjef i Os kommune, Marianne Kramer, forklarte for tre veker sidan at delar av det eldre leidningsnettet i Os er kopla sånn at overvatn kan bli blanda med kloakk.

PS! Os kommune opplyser i dag at kokevarselet på drikkevatnet framleis er gjeldande.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.