Sport | 11. mai 2016

O-jubel på Kyrkjeflaten

– Gøy, var konklusjonen frå elevane ved Hegglandsdalen barneskule då dei fekk prøve orientering på Kyrkjeflaten onsdag.

O-jubel på Kyrkjeflaten
Elevane ved Hegglandsdalen skule jubla over ein dag ute i sola med orientering på Kyrkjeflaten (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 11. mai 2016 11:57

Bildeserie:

Åtte ulike løyper var laga til på Kyrkjeflaten (foto: AH)
Åtte ulike løyper var laga til på Kyrkjeflaten (foto: AH)
Leiar i Os orienteringsklubb, Tommy Sævareid, forklarte korleis ein skulle gjera det (foto: AH)
Leiar i Os orienteringsklubb, Tommy Sævareid, forklarte korleis ein skulle gjera det (foto: AH)
1 av 2
Åtte ulike løyper var laga til på Kyrkjeflaten (foto: AH)
Leiar i Os orienteringsklubb, Tommy Sævareid, forklarte korleis ein skulle gjera det (foto: AH)

Det var eit yrande liv på Kyrkjeflaten i 12-tida onsdag. Då hadde nemleg omlag 70 elevar frå Hegglandsdalen skule teke turen ut Dalen for å vera med på forsøket om å setta verdsrekord i orientering.

Os orienteringsklubb er nemleg onsdag med i eit internasjonalt verdsrekordforsøk om å samla flest mogleg til orientering på same dag. Målet er å passera 250 000 på verdsbasis. Har du òg lyst til å vera med så held dei på til klokka 20 i kveld.

– Klart vi måtte vera med. Dette er kjempekjekt, fortalde lærarane medan dei såg elevane gav alt i dei forskjellige orienteringsløypene.

– Vi har lagt opp til ulike løyper her på kyrkjeflaten. Stolpane ute på plenen er tilsaman seks ulike løyper og skal læra elevane å finne retningen ut frå kartet, forklarar Tommy Sævareid i Os orienteringsklubb.

– I tillegg har vi laga ei miniskulpturløype med dei skulpturane som er her, og ei stolpeløype rundt gangstien, kor dei får testa kor fort dei klarar å springa.

– Kvifor gjer de dette?

– Ein ting er sjølvsagt verdsrekordforsøket, men eg trur dette er vegen å gå for å rekruttera fleire til orienteringssporten. Om dei synest det er kjekt, så blir dei gjerne med oss på treningar. Håpet er å få til ei barne- og ungdomsgruppe med rundt 30 utøvarar, seier Sævareid.

I tillegg til elevane frå Heggelandsdalen, hadde også borna i Flåten Naturbarnehage vore innom tidlegare på dagen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.