Tommy Sævareid, leiar i Os orienteringsklubb, er klar for trinn II av «Orientering inn i skulen og ut i fritida (arkivfoto frå aktivitetsdag på kyrkjeflaten: Andris Hamre)

O-klubben får nye 40.000 kroner

Fylkeskommunen med støtte til orienteringsklubben for å ta orientering inn i skulen og ut i fritida.

Av: Andris Hamre

I fjor vår fekk Os orienteringsklubb 42.000 kroner frå Hordaland Fylkeskommune sitt utval for kultur, idrett og regional utvikling (KIRU) til trinn ein i prosjektet «Orientering inn i skulen og ut i fritida».

Tidlegare denne veka handsama KIRU årets tildeling av midlar til lavterskel fysisk aktivitet for barn og ungdom. Totalt løyvde fylkespolitikarane 1.625.000 kroner til ulike prosjekt over heile fylket.

Os orienteringsklubb blei tilgodesett med 40.000 kroner til trinn to av «Orientering inn i skulen og ut i fritida».

– Trinn to handlar om at vi skal ut i resten av skulane i Os kommune. Trinn éin omfatta halvparten, no er det resten sin tur, fortel Tommy Sævareid, leiar i Os orienteringsklubb.

Tatt godt i mot

Sævareid fortel at trinn éin har blitt teke godt i mot.

– Det har variert noko kor mykje skulane har tatt det i bruk. Os Ungdomsskule er kanskje dei som har brukt det mest og dei har gitt svært gode tilbakemeldingar. Dei skryt opplegget opp i skyene, noko vi sjølvsagt er glade for. Samstundes støttar dei oss veldig i arbeidet med å få fleire av skulane til å bruke det meir, seier Sævareid som også har presenterte programmet for alle rektorane i Os-skulane.

Vil gje undervisning

Som ein del av trinn to vil orienteringsklubben frå hausten tilby to timar undervisning til kvar av skulane.

– Det er det andre nye i prosjektet. Vi tilbyr oss å komma ut på skulane og ha eit to timars undervisningsopplegg for lærarane, eller elevane om skulen heller ønskjer det, for å visa korleis ein kan nytta dette.

– Vi var ikkje klar for det i fjor, men no føler vi at vi er det.

– Det blir frå hausten av, for tida fram til sommaren vil vi nytta for å laga ferdig øvingane for dei resterande skulane, og for å vera i dialog med rektorane, avsluttar Sævareid.

Om ordninga

Ordninga med tilskotet skal bidra til å få fleire barn og unge i Hordaland aktiv kvar dag. Kommunar og frivillige organisasjonar kan søkje på denne felles tilskotsordninga for tiltak innan fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv for barn og unge. Målet for tilskotsordninga er å auke den fysiske aktiviteten til barn og unge gjennom lavterskel aktivitetstilbod i nærmiljøet. Gode prosjekt blir støtta med tilskot frå 10.000 til 100.000 kroner. Fylkeskommunalt tilskot kan ikkje vere høgare enn 50% av dei totale ressursane for prosjektet.