Lokal | 22. mars 2017

OHARA-slam kan bli biogass

Os kommune går inn i spennande prosjekt kor «naturleg avfall» frå osingane kan bli drivstoff til bussar og ferjer.

OHARA-slam kan bli biogass
Fjellhallen til Ohara slik den såg ut i november 2016 (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamreonsdag 22. mars 2017 13:46

I formannskapet tysdag gjekk politikarane inn for å løyve 40 000 kroner som kommunen sin andel av HOG Energi sitt prosjekt «Biovekst i Hordalandskommunar».

– Vi er medlem av HOG Energi og detta er eit veldig spennande prosjekt. Det er ein liten sum og passar kanskje veldig godt i høve OHARA. Kanskje kan ein nytta slam derfrå til å skapa energi, innleia ordførar Marie Bruarøy (H).

Ho fekk støtte frå Gustav Bahus (Frp) og Nils-Anders Nøttseter (MDG).

– Det kan virka som det er eit lite beløp for kommunen, men det er stort for dei som driv dette prosjektet. HOG energi gjer eit stort stykkje arbeid innan fleire områder og er ein pådrivar både for superbussane vi har fått i Bergen, biogass-hybrider og anna. Dette er veldig positivt og eit prosjekt til etterfølging, kommenterte Bahus.

– I grunn har eg lyst til å gjenta det ordføraren sa. Eg håper òg at vi ein gang i framtida kan handtera matavfall som ein ressurs på linje med dette, supplerte Nøttseter.

Dette er prosjektet

I søknaden frå HOG Energi kjem det fram at samferdselsutvalet i Hordaland fylkeskommune har vedteke å laga ein strategi for å auke bruk av biogass som drivstoff i Hordaland. Der kjem det òg fram at Bergen kommune har vedteke å byggje eit biogassanlegg som skal produsera biogass av kloakkslammet frå byens innbyggjarar.

– Same biogassen har fylket vedtatt som brukes i gassbussene i Bergen. Biogass kan også erstatta naturgass på andre kjøretøy og fartøy som nyttar naturgass, til dømes ferjer, skriv dei i søknaden.

Prosjektet vil konsentrera seg om å framskaffe oversikt over biogasspotensialet i dei deltakande kommunane basert på kommunen sin kloakkslam med mål om å foreslå konkrete tiltak for å levera dette til biogassproduksjon. Prosjektet har eit total budjsett på 680 000 kroner, kor Hordaland kommune er inne med 200 000 og dei deltakane kommunane bidreg med 40 000 kroner.

Eit samstemt formannskap gjekk inn for å støtta prosjektet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.