Lokal | 17. okt. 2017

OHARA-sprekk med 59 millionar

OHARA blir 59 millionar kroner dyrare en budsjettert. Det tilsvarar 3000 kroner per innbyggar.

OHARA-sprekk med 59 millionar
Johannes Håkonsund, prosjektleiar for OHARA orienterte tysdag formannskapet om framdrift og kostnader (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 17. okt. 2017 13:23

I samband med handsaminga av 2. tertialrapport i formannskapet tysdag presenterte prosjektleiar for OHARA, Johannes Håkonsund, status i bygginga av det nye kloakkreinseanlegget.

– Budsjettet per i dag er på 371 millionar kroner. Vi har varsla ei budsjettauke på 59 millionar kroner, slik at den nye budsjettramma er på 430 millionar kroner. Det er ei auke på 15-16 prosent, men i den har vi tatt inn eindel usikkerheit og blant anna lagt oss på 10% usikkerheit på kommande entreprisar og entrepriser under arbeid, fortalde Håkonsund.

Grunnen til den auka kostanden er at ein tidlegare i prosjektet har vore for forsiktige med enhetsprisane.

– Det er ikke nokre store ting som har gjort at vi må auke, det er over heile fjøla. Vi har vore litt for forsiktige budsjettmessig, sjølv om vi innhenta priser frå tilsvarande anlegg i Bergen og Haugesund før vi starta, men vi har ikkje truffe heilt med hensyn til marknaden.

– I tillegg har vi justert opp anlegget med å utvida får 40 000 til 50 000 PE, noko som også trekk i same retning på utgiftene.

Kranglar med Veidekke

Veidekke hadde entreprisen for fjellarbeida og er ferdig med sin del av arbeidet.

– Der held vi på med sluttoppgjer og det ser greit ut. Det ligg innanfor budsjett, bortsett frå at vi har ein uavklart sak med Veidekke. Dei har gjort krav på tillegg på grunn av fjellkvaliteten. Dei meiner dei har brukt lengre tid på grunn av bore- og ladevanskar. Eg ønskjer ikkje seie noko meir om det no, anna enn at det ikkje er avslutta.

– Den uavklarte situasjonen er den innanfor eller utanfor dei 59 millionane, undra Eirik André Hesthamar (Frp).

– Det er utanfor, men vi held veldig på at vi avviser kravet.

– Er det stort, supplerte Helge Steinum (Ap).

– Det vil eg ikkje svara på, sidan det er ein pågåande sak, svara Håkonsund som fekk aksept for det.

3000 kroner ekstra per innbyggar

Ståle Skaatun (H) såg at det blir eit stort og flott anlegg.

– Vi som har vore med sidan det blei vedtatt har jo sett at det ikkje har blitt billigare. 59 millionar kroner er nesten 3000 kroner per innbyggjar. Det er beklageleg at anlegget blir så dyrt totalt sett. Eg veit ikkje om vi hadde vedtatt det om vi hadde vist det då. Eg håper vi held oss på rammene og at vi no held oss til realistiske budsjett, kommenterte Skaatun som fekk støtte frå ordførar Marie Bruarøy (H).

– Det er det dyraste kommunale anlegget vi byggjer. Det at veldig mange får glede av det får vera trøsta. Samstundes må vi beklaga den økonomiske sprekken. Hadde vi visst kostnadsbilete då, så kan det tenkjast at det hadde blitt gjort nokre andre vurderingar frå det politiske miljøet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.