Sport | 09. juni 2010

- Oj, vi slo Aalesund

Osingen Mats Cato Moldskred og resten av Løv-Ham sørgja for ei av fire cupbomber onsdag kveld.

- Oj, vi slo Aalesund
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 09. juni 2010 20:46

Regjerande noregsmeister Aalesund er ute av cupen etter at Løv-Ham vann 3. runde 2-1 på Varden Amfi onsdag kveld.

- Dette var fantastisk gøy, seier Mats Cato til Midtsiden.no.

Mats Cato Moldskred, som gjekk frå heimklubben Os til Løv-Ham før 2009-sesongen, spelte frå start og 79 minutt av kampen.

- Eg spelte heile førre seriekamp, mot Sogndal, men har vore sjuk den siste veka, så mot slutten av kampen i dag var det slutt på kreftene, seier

- Korleis blir feiringa?

- No sit vi med quiz på ein pub og så skal vi eta. Etterpå blir det nok fest, slik det ser ut på stemninga i laget.

Sindre Marøy sørgja for 1-0-leiing til pause. Aalesund utlikna, men Karl Morten Eek skåra 2-1 til heimelaget to minutt etterpå.

Tre andre Tippeligalag er ute av cupen; Stabæk tapte for Tønsberg, Molde for Sogndal og Lillestrøm for Follo.

Fyllingen har ikkje spelt 3. runde enno, dei møter Viking på heimebane torsdag kveld. Då skal også Start i elden, mot Sandnes Ulf, medan Rosenborg speler mot Alta 30. juni.

SJÅ OPPSETT OG RESULTAT

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.