Sport | 22. jan. 2015

OK å trena med Os Ok

– Mange trur løparane held til langt inne i skogen, men vi løper òg ofte i urbant terreng, fortel Marie Pontoppidan frå den nystarta Os Orienteringsklubb.

OK å trena med Os Ok
Elise Rognsvåg på orienteringsløp i Raudlistova for nokre år sidan. (Foto: Privat).
Kari M. Lyssandtorsdag 22. jan. 2015 10:06

Den 11. desember 2014 blei Os Orienteringsklubb stifta.

– Det var Geir Rognsvåg som tok initiativet til å starta klubben, han er fra ein familie der dei er hekta på orientering, fortel Marie Pontoppidan frå Os Ok.

Rognsvåg og andre osingar har holdt på med orientering i Fana, men no har dei gått saman og starta eigen klubb i Os.

– No er vi vel ein 20-30 medlemmar, men vi håper å få fleire med.

– Orientering er ein flott idrett med utfordringar for både fysikk og hjerne og kombinasjonen gjer sporten spesiell, fortel Marie.

Inviterer til treningsløp

Laurdag 24. januar arrangerer klubben sitt første treningsløp med start frå Os ungdomsskule. Arrangementet er eit uformelt løp i lett terreng og passar ypperleg for nybegynnarar, unge som eldre, også barn med foreldre.

– Vi har ikkje fått eiga internettside enda, men ein kan finna oss på Facebook, der har vi gruppa Os Ok med informasjon om påmelding.

Marie seier ein kan møta opp på dagen og melda seg på ved start, men anbefaler førehandspåmelding så ein er sikker på at det er nok kart.

– Det er ikkje ei forutsetning å ha kjennskap til kart og kompass sidan det er erfarne løparar til stades som vil hjelpa dei interesserte.

Os-løparar sitt første løp

Treningsløpet på laurdag går inn i Os-serien som held fram utover våren.

–Heile sommarhalvåret er det vekselvis løp i skogen og i urbant terreng i Bergensregionen og i tillegg vil det bli torsdagstreningar med Os Orienteringsklubb når ettermiddagslyset er tilbake.

Ein del av løparane spring og nattløp og forrige onsdag var Os Orienteringsklubb representert for første gang på nattløp på Dyngelandsåsen i Fana.

– Her stilte 116 hordalandsløparar med hovudlykt, deriblant våre eigen Tommy Sævareig som klarte ein 23. plass i sin klasse.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.