Sverre Lunde Pedersen. (Arkivbilde, foto: Douwe Bijlsma)

OL-bronse etter målfoto!

Sverre Lunde Pedersen med fantastisk 5000 meter i Sør-Korea.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Osingen Sverre Lunde Pedersen frå Fana il tok bronse på 5000 meter i dag, Noreg sin første OL-medalje på skøyter sidan Vancouver i 2010!

Klokka 16 lokal tid starta 5000-meteren i OL i kystbyen Gangneung i Sør-Korea. Sendinga på Eurosport starta klokka 8 norsk tid. Klokka 9.36, i 9. par (av 11) starta Sverre Lunde Pedersen mot Ted-Jan Bloemen (Canada).

Bloemen opna hardt, men Lunde Pedersen var disiplinert, noko han fort fekk betalt for. Han passerte Bloemen midt i løpet og kom i mål på fantastiske 6.11,61 på låglandsbanen i kystbyen Gangneung i Sør-Korea.

Dette er meir enn fire sekund betre enn på same is i VM enkeltdistansar i februar i fjor (6.15.77 og 6. plass i VM).

To tusendelar frå sølv

Men Bloemen hadde tatt innpå etter siste innersving og gjekk i mål på same tid.

Målfoto måtte fram - to tusendelar avgjorde!

Sverre si tid var 6.11,618, Ted-Jan kom i mål to tusendelar tidlegare, på 6.11,616.

• Les òg: Lever som eit B-menneske i Sør-Korea

– Medalje er medalje

OPPDATERT: Etter premieutdeling fekk Eurosport-kommentatorane ein prat med medaljevinnaren.

Der var det ein svært nøgd og smilande Lunde Pedersen som møtte pressen «mixed zone».

Samtidig rister han lettare fortvilt på hovudet over seg sjølv, når det kjem til kor nær han var sølv.

– Eg blei litt stressa då eg såg tida til Bloemen på nest siste runde, og eg gjekk dårleg teknisk siste langside inn til mål.

– Med medalje er medalje, det hadde vore verre om eg hadde landa på 4. plass, seier Sverre.

Olympisk rekord av Kramer

I neste par kom Sven Kramer seg forbi, 1,85 betre enn Lunde Pedersen og Bloemen, inn på 6.09,76 og ny olympisk rekord. Kramer er med denne sigeren den første til å vinna 5000 meter i OL tre gongar (og har dessutan tre på rad).

Patrick Beckert i same par hamna lengre bak med tida 6.17,91. I siste par gjekk Nicola Tumolero mot Moritz Geisreiter. Dei klarte heller ikkje å matcha topp tre.

No kan vi sjå fram til 1500-meteren, som blir sendt på Eurosport frå klokka 12.00 tysdag.