Kultur | 19. juni 2016

– Øl er den nye vinen

– Øl er vel så interessant til mat som vin, meinte kokk Rolv Bergesen då han heldt foredrag under Oseana Ølfestival.

– Øl er den nye vinen
Rolv Bergesen held foredrag om mat og øl under festivalen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamresøndag 19. juni 2016 10:18

Bildeserie:

Allereie rett etter at dørene opna strøymde publikum til Oseana (foto: AH)
Allereie rett etter at dørene opna strøymde publikum til Oseana (foto: AH)
Det blei etterkvart rimeleg fullt på terrassen (foto: AH)
Det blei etterkvart rimeleg fullt på terrassen (foto: AH)
Fana Musikklag sto for underhaldninga (foto: AH)
Fana Musikklag sto for underhaldninga (foto: AH)
Vel 30 tilhøyrarar fekk med seg foredraget til Bergesen (foto: AH)
Vel 30 tilhøyrarar fekk med seg foredraget til Bergesen (foto: AH)
Nothern Co frå Fedje var eit av dei nye bryggeria på festivalen (foto: AH)
Nothern Co frå Fedje var eit av dei nye bryggeria på festivalen (foto: AH)
Rune Birkeland og Lysefjorden Mikrobryggeri hadde ein jamn straum av nysgjerrige ølhundar (foto: AH)
Rune Birkeland og Lysefjorden Mikrobryggeri hadde ein jamn straum av nysgjerrige ølhundar (foto: AH)
Då vinnarane av heimbryggerkonkurransa blei kåra strøyma folk inn for å få med seg...
Då vinnarane av heimbryggerkonkurransa blei kåra strøyma folk inn for å få med seg...
At Hjelle Nanobryggeri tok heim andre og tredjeplassen (foto: AH)
At Hjelle Nanobryggeri tok heim andre og tredjeplassen (foto: AH)
og at Furulunden Heimebryggarlaug igjen gjekk av med sigeren (foto: AH)
og at Furulunden Heimebryggarlaug igjen gjekk av med sigeren (foto: AH)
1 av 9

Oseana Ølfestival blei igjen ein suksess med sol, ølsmaking og god stemning både inne i Oseanasalen og ute på terrassen.

På programmet til festivalen sto òg to foredrag. Først med kokk og ølnerd, Rolv Bergesen som tok for seg øl og mat.

– Øl er ein vel så interessant partner til mat, som det vin er. Det handlar om å finna kombinasjoner som fremhever kvarandre og tek måltidet til nye høgder. Bokkøl og bløtkake er kanskje ikkje det første du tenkjer på, men prøv det. Det er ein uslåeleg kombinasjon, fortalde Bergesen som er del av teamet bak Beermaking Dinners på Grand i Bergen.

Bruk fantasien

Nokre generelle råd kom Bergesen med, men hovudpoenget hans var at ein må tørre å prøva.

– Som for vin har ein eit par tommelfinger-reglar. Lys øl til fisk og mørk øl til kjøtt. Jo kraftigare og mørkare kjøtt, jo kraftigare og mørkare bør ølet vera. Undergjæra øl, som lager og pils til fisk og lyst kjøtt, overgjæra øl til mørkare kjøtt.

– Men det viktigaste er ikkje å følgje desse regla. Kluet er å opne opp fantasien og ta ein sjanse. Bommar du, kan du jo berre starte på nytt. Det aller viktigaste er å nyte maten og ølet saman med gode vener, poengterte Bergesen for dei vel 30 tilhøyrerane.

Vann for andre gang

Festivalen blei som i fjor avslutta med kåringa av det beste heimebrygget. Som i fjor var det Furulunden ølbryggarlaug som stakk av med den jeve prisen.

– Det var mykje godt i år. I dei innleiiande rundene brukte vi Norbrygg sine skjema for å vurdera øla. I finalen, kor vi har satt dei tre høgste rangerte øla i kvar klasse opp mot kvarandre, forklarte juryformann Tarjei Skeie før han ropte fram Hjelle Nanobryggeri som fekk andre og tredjeplassen for to variantar av ein belgisk wit.

Ølet som vann omtalte Skeie som eit veldig mildt og fint øl. Under finalesmakinga kommenterte Rune Birkeland frå Lysefjorden mikrobryggeri ølet som eitt som kunne vore produsert hos eit større bryggeri.

Hadde håpet

Furulunden ølbryggarlaug som består av sju naboar i Furulunden fortel at dei hadde eit håp om gå heile vegen, sidan dei vann i fjor.

– Vi gjorde det jo så bra i fjor, så vi hadde eit håp i år også, men sikre var vi ikkje. Det ølet vi vann med var eitt av dei vi sendte inn som vi hadde trua på, fortel bryggemeister Terje Vike.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.