Sport | 06. aug. 2017

Ole Martin blei nordisk meister

Mens kameratane på Os G17 spelte historisk finale i Norway Cup var Kolskogen med på å slå Danmark.

Ole Martin blei nordisk meister
Olis med pokalen etter finalesiger over Danmark. (Foto: Helge Bjørke, fotball.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 06. aug. 2017 21:35

Bildeserie:

Norge sin tropp i finalen mot Danmark. (Foto: Helge Bjørke, fotball.no)
Norge sin tropp i finalen mot Danmark. (Foto: Helge Bjørke, fotball.no)
1 av 1
Norge sin tropp i finalen mot Danmark. (Foto: Helge Bjørke, fotball.no)

Ole Martin «Olis» Lekven Kolskogen (16) frå Os Fotball ar vore ei veke på Island med U16-landslaget for å spela ope nordisk meisterskap.

Noreg vann pulja, der dei spelte mot Island, Polen og Nord-Irland - og spelte finale mot Danmark, som vann si pulje, etter kampar mot Sverige, Finland og Færøyene.

Etter at Norge slo Polen 1-0 søndag for ei veke sidan fekk Ole Martin sin debut tysdag, der han etter 1-1 mot Island skåra i straffesparkkonkurranse.

Kolskogen spelte ikkje då Norge slo Nord-Irland 3-2 torsdag, men var med frå start i finalen mot Danmark laurdag.

Solid finalesiger

Same dag spelte lagkameratane, fram til Kolskogen i fjor blei tatt opp på A-laget, finale i klassen G17 i Norway Cup.

Dette var første gong på 39 år at Os Fotball hadde eit gutelag i finalen, men mot Sotra måtte kretsmeisterane frå i fjor sjå seg slått.

Kolskogen og Norge gjorde det betre. Etter 0-1 var det dei raude, kvite og blå sin tur.

Til pause sto det 1-1, Norge vann til slutt 4-1.

• Les òg: 4-1-siger i finalen (fotball.no)

Ole Martin spelte frå start og praktisk talt heile kampen (82 minutt av 2 x 40).

Med Lagerbäck som tilskodar

– Ole Martin er trygg med ball, han våger både å gjera ting med ballen og å bruka rommet framfor seg. Også defensivt gjer han ein god jobb, sa landslagstrenar for U15-U17, Gunnar Halle til Midtsiden etter debuten tysdag.

Norges A-landslagssjef Lars Lagerbäck var på Island og såg finalen.

No ventar Syrenka Cup i Polen, som blir den siste samlinga før alvoret startar i haust.

– No kan vi bruka Syrenka Cup til å finpussa formen, og så blir det ein tøff kvalik (EM i Serbia), seier Halle til fotball.no.

Norge U16 møter Portugal 29. august i første kamp i Syrenka Cup.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.