Sport | 29. juni 2017

Olis kan bli framtidas landslagsspelar

Ole Martin Lekven Kolskogen er denne veka på Statoils talentleir kor han mellom anna trente med landslagsspelar og West Ham proff Martin Samuelsen.

Olis kan bli framtidas landslagsspelar
Håkon Grøttland, fagansvarlig landslagskolen, Ole Martin Lekven Kolskogen og Martin Samuelsen (foto: Ole Jørgen Bratland, Statoil)
Andris Hamretorsdag 29. juni 2017 06:43

Denne veka er Noregs beste og mest talentfulle 14 til 16 åringar samla på Statoils talentleir i Prosgrunn. Ein av dei er Ole Martin Lekven Kolskogen frå Os. Og kanskje kan samlinga vera inngangen til ei landslagskarriere for Olis. Talentleiren er nemleg toppen av NFF si landslagsskule som har som mål å driva systematisk talentutvikling for å danne framtidige landslag.

– Det er viktig for fotballen i Noreg at vi driv talentutvikling over tid. Her får dei unge spelarane sjansen til å testa seg mot dei beste på sin eigen alder. For å bli ein toppspelar må ein både ha eit talent og ein vilje til å trena mykje over lang tid. Det har definitivt Ole Martin, seier Håkon Grøttland, som er fagansvarleg for landslagsskulen.

Fekk råd av West Ham proff

Ole Martin og dei andre har mellom anna trent med landslagsspelar og West Ham-proffen Martin Samuelsen, som sjølv var på tilsvarande leir då han var yngre.

– Det å kunne få vera med på ein slik talentleir bør vera ein stor inspirasjon til å utvikle seg vidare og bli ein enno betre fotballspelar. Eg hugser sjølv kor spennande det var for meg å delta på denne type leir og kunne måle meg mot dei beste, seier Samuelsen.

Lærer masse

135 spelarar frå både G15 og G16 landslaga, i tillegg til to skyggelandslag og to grupper av spelarar fødd i første og andre halvdel av 2003 er med på leiren.

– Så langt har et vore eit profesjonelt opphold her, med gode treningar og flinke trenarar. Eg har lært masse og forsøker heile tida å vise kva eg er god for, seier Ole Martin.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.