Ole Martin Kolskogen er teke ut i troppen som skal møta Polen, Island og Nord-Irland i månadsskiftet juli/august (foto: Ole Jørgen Bratland, Statoil)

Olis tatt ut til landskampar

Ole Martin Kolskogen frå Os Fotball er teke ut til fire landskampar på Island. – Det var ein veldig gøy beskjed å få, seier Olis.

Av: Andris Hamre

Noregs Fotballforbund sendte i dag ut innkallinga til G16-landslaget si samling og kampar på Island 28. juli til 6. august.

I den står Os-spelar Ole Martin Kolskogen (16), som nettopp har vore på Statoil si talentsamling i Porsgrunn. 

– Eg følte det gjekk veldig bra på den samlinga. Det er klart eg hadde håpa på at eg skulle bli tatt ut, men visste det jo ikkje før eg fekk meldinga i dag.

Tatt ut som midtstoppar

På samlinga spelte Olis midtstoppar, og det er i den posisjonen han no er teke ut.

– Eg meiner vi er fire som kjempar om den posisjonen i troppen, seier Olis som gir klubben skryt for utviklinga når Midtsiden spør kva han trur grunnen er til at han no er teke ut.

– Klubben gjer ein god jobb for å hjelpa meg å utvikla meg. Os er ein god arena å spele på. I tillegg må det sjølvsagt hardt arbeid til for å koma dit, avslutter Olis.

– Ein bevisst spelar

Os sin assistentrenar Ørjan Håland returnerer skryten.

– Det var utruleg gøy og er så fortent. Olis er veldig bevisst på kva han trenar på og kva som skal til for at han skal utvikla seg. Eg snakka nettopp med Hassan, det er veldig kjekt å få lov til å jobba med spelarar som er så medviten på kva som skal til som det Ole Martin er.

Fire kampar på Island

Landslaget skal spele åpent nordisk meisterskap mot Polen, Island og Nord-Irland på Island. I tillegg kjem ein plasseringskamp. Landslagstrenar Gunnar Halle har teke ut denne troppen.

Jørgen Johnsen, Strømsgodset
Markus Andersen, FK Bodø Glimt
Christopher Hurteen, Stabæk Fotball
Harald Martin Hauso, Vålerenga IF
Martin Helmer Rusten, Stabæk Fotball
Oskar Opsahl, Vålerenga IF
Thomas Rekdal, Fredrikstad FK
Sander Eng Strand, HamKam Fotball
Harald Nilsen Tangen, Viking FK
Noha Holm, Red Bull Leipzig
Edvard Tagseth, Liverpool FC
Kornelius Norman Hansen, Southampton FC
Håvard Kleppe, SK Brann
Ole Martin Kolskogen, Os Fotball
Sander Christiansen, SK Brann
Joshua Kitolano, Gulset
Runar Hauge, FK Bodø Glimt
Mathias Kjølø, Vålerenga IF
Leo Cornic, Vålerenga IF
Oscar Aga, Stabæk Fotball
Jonathan Lein Valberg, Levanger FK
Younes Amer, Nordstrand IF

Fleire saker

bilde-midtsiden

29 millionar til bruer

20. september 2017

Fylkesvegar • Fylkeskommunen vil setta av 29 millionar til bruer og 18 millionar til Åsen-Helleskaret.

bilde-midtsiden

Østervold matchvinnar igjen

19. september 2017

Lysekloster fekk det tøft mot Aalesund 2, før utvisinga, men nok ein gong sørgja Kristoffer Østervold for full pott.

bilde-midtsiden

Musikalsk Grytten-premiere

19. september 2017

– Det er ei gåve å ha Espen Leite på trekkspel, seier Albert og Anna-skodespelarane. I morgon har dei Noregspremiere i Os.

bilde-midtsiden

Slo Sædalen på heimebane

19. september 2017

– Vi varierer for mykje, seier Kvile, sjølv om Os 2 har tapt berre 1 av 6 kampar etter ferien.