Lokal | 20. des. 2016

– Olje og gass viktigast i fleire tiår framover

– Eit veldig spennande departement, seier nybakt olje- og energiminister Terje Søviknes til Midtsiden.

– Olje og gass viktigast i fleire tiår framover
Erna Solberg presenterte dei nye statsrådane utanfor slottet i dag. (Foto: Bjørn Inge Bergestuen, Frp)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 20. des. 2016 16:02

I 16.20-tida i dag gjekk Terje Søviknes ut dørene på slottet som ny statsråd, ein av 19 leiarar (inkludert statsminister Solberg) i regjeringa. Søviknes har, som fleire norske aviser meldte søndag kveld, overtatt etter Tord Lien som olje- og energiminister.

– Eg fekk telefonen frå Erna (Solberg) måndag, fortel Søviknes til Midtsiden.

På spørsmål om han hadde fått noko førehandsvarsel veg den avtroppande Os-ordføraren orda sine meir nøye.

– Det er ikkje uvanleg at det blir skifta nokre statsrådar, og før jul er ei vanleg tid. Eg snakkar jo med Erna av og til, men det var først i går eg fekk spørsmålet om å overta jobben.

Spennande og viktig departement

Søviknes seier han er audmjuk og glad for tilliten, og synest dei nye oppgåvene han no får er veldig spennande.

– Olje- og energi er gjerne ikkje noko som mannen i gata er så opptatt av frå dag til dag, men olje og gass er vår klart viktigaste næring, samtidig som vi er store på fornybar energi, spesielt vasskraft.

– Olje- og gassnæringa er dessutan inne i ei krevjande tid, der mange firma og familiar, ikkje minst i vår region, har fått kjenna på uvisse for framtida.

– Næringa treng nytt areal for å få opp igjen aktiviteten og mengda arbeidsplassane denne bransjen har potensiale til å skapa.

Søviknes seier han er frustrert over det han opplever som nedsnakking av bransjen den siste tida.

– Både innan arbeidsplassar, eksport og pengar til statskassen er dette vår desidert største næring, og det kjem den til å bli i fleire tiår framover. Det er til dømes berre 1/3 av dei gassfelta vi kjenner til som har blitt produserte.

– Negativt fokus på bransjen har dei siste åra gått ut over rekrutteringa. Bransjen treng mange kloke hovud også i åra som kjem.

Søker permisjon

I praksis er Søviknes statsråd frå i dag.

– No skal eg søkja om permisjon frå alle lokale verv i Os og Hordaland, noko som må behandlast av kommunestyret og fylkestinget.

– Korleis blir jula, nyttårshelga og dei første arbeidsdagane dine?

– Det skal vi legga litt planar for i kveld, men det blir nok ei travel jul der eg vil bruka mykje tid på å lesa meg opp på det som har skjedd mellom departementet og stortinget den siste tida.

Vil sakna Luranetunet

Etter 17 samanhengande år som ordførar i Os, no eitt år inne i sin femte periode, er Søviknes innstilt på nye oppgåver i Oslo.

– Kva prosjekt i Os er vanskelegast for deg å reisa ifrå?

– Det er nok dei store utbyggingsprosjekta, ikkje minst utvidinga av Luranetunet, som har vore litt som ein baby for meg.

– Men når eg først skulle ta dette steget så føler eg at timinga er god.

– Ny rådmann er på plass, økonomien i Os kommune er svært god og dei store prosjekta går på skjener.

Ny ordførar og varaordførar

Det er venta at varaordførar Marie Lunde Bruarøy (H) overtar som ordførar i Os.

Samtidig er Gjermund Hagesæter, som Laila Reiertsen frå Os har sete på Stortinget for, ute som statssekretær og tilbake på Tinget, noko som gjer at Reiertsen kjem tilbake til Os og kan bli varaordførar.

• Les òg: Kven blir ny varaordførar?

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.